– Det var herleg! Det kjentest ikkje veldig bra oppover toppen, men det kjennest herleg no etter at eg slo han, seier Felix Ørn-Kristoff.
Brørne har akkurat sykla det avgjerande bakkedraget mens dei trener i Stavanger.
– Det var sjokkerande og surt, for eg køyrde eigentleg skikkeleg bra. Eg hadde ikkje forventa at han hang med eingong. Eg trudde eg skulle dra det i land, men han kom på ein sluttspurt der eg hadde ikkje noko å svare med, seier storebror Alexander Kristoff.
I helga skal begge stille i VM i Skottland.
Dette blir Felix' første VM. Og det kan bli Alexander sitt siste.
Alexander og Felix Kristoff er klare for VM.
Foto: Tobias Hovland / NRK– Eg ønsker jo å vinne sjølvsagt, men eg veit ikkje kor realistisk det er, seier Felix.
Men å ha slått storebroren hjelpte litt på sjølvtilliten før det store rittet.
– Det er ikkje eit dårleg teikn i alle fall. Eg er i god form, og meir kan eg ikkje gjere.
Har VM-tru på broren
Det er ikkje første gong han slår storebroren.
– I vinter køyrde du frå meg på øktene, seier Alexander.
– Ja, så stolt har eg aldri vore før, svarer veslebroren.
– Sjølv om eg slo han på tre av fire, skyt Alexander inn.
Felix er tatt ut til juniorane sitt ritt i verdsmeisterskapet, som går over 127 kilometer. Storebroren skal sykle proffrittet, som er meir enn dobbelt så langt – 271 kilometer – gjennom Skottland.
Alexander har stor tru på Felix i hans første VM.
– Eg trudde eg hadde knekt han etter drag éin, så det er bra teikn før VM for han. For min del var det litt urovekkande. Men eg har ikkje køyrt med så gode tal på eit par år, så sånn sett var det ei god økt. Men han køyrde berre endå betre enn meg, seier Alexander.
Spør om tips
Den siste tida har brørne byrja å trene meir saman.
– Det er fleire og fleire økter saman. Det var ikkje så mange for eit par år sidan, seier Felix.
Men om han lærer mykje av broren, er han derimot tvilande til.
– Eg lærer ikkje så mykje av han, vi lærer jo mest frå trenaren vår. Han har eit meir objektivt perspektiv på ting. Men viss vi køyrer like ritt, spør eg ofte om tips.