Hopp til innhold

Røde Kors vil øva meir i snøen – blir nekta på grunn av villrein

– I verste fall kan liv gå tapt, seier korpsleiaren i Stavanger Røde Kors. Han har ikkje sett villrein i område på 25 år, og forstår ikkje hensikta med den strenge behandlinga dei får.

Hunnedalen

REDNINGSAKSJON: Røde Kors får berre lov å bruka snøskuterane sine utanom den kvista løypa i det freda området ved Hunnedalen på reelle oppdrag.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Me skulle ønskt at me kunne ha ein skutertur kvar helg i vintersesongen. Då hadde me vore oppdaterte på forholda der ute, og nye skutersjåførar hadde blitt kjente i terrenget, seier korpsleiar for Stavanger Røde Kors Ludvig Sande.

Men det kan dei ikkje. Røde Kors-hytta deira i Hunnedalen ligg nemleg tett på Frafjordheiane som blei verna for 18 år sidan. Her er det svært strenge reglar for skuterkøyring.

Hunnedalen

FRAFJORDHEIANE: Sjølv om dei fleste held seg til skiløypene ved Hunnedalen, så er det ifølgje Røde Kors mange som også går utanfor løypene. Dette er terreng som Røde Kors ikkje får gjera seg kjent i på snøskuter, utanom når dei faktisk er ute på oppdrag.

Foto: Reidun Skjørestad

– Liv kan gå tapt

– Nå må me legga treårsplanar for turane me vil på. Maks seks i året, der me berre køyrer opp og ned den kvista løypa, seier Sande.

Han veit at når det verkeleg smell, så må ein ha meir kunnskap enn det ein kan tileigna seg på dei seks kjentmannsturane. I fjor påske blei det dramatisk då dei leita etter to tenåringar som ikkje hadde dukka opp i ei turisthytte i vernesonen til avtalt tid.

– Heldigvis var me tre frå Røde Kors, som var veldig godt kjent i området den dagen. Forholda var dårlege. Kvistane var ikkje synlege. Me sleit med å finna dei rette passasjane. Heldigvis gjekk det bra, seier han.

Alle tre som var ute på oppdraget har lang erfaring med å køyra skuter i Frafjordheiane frå tida før vernet. Dei som etter kvart skal ta over skuterkøyringa vil ikkje ha den same erfaringa.

– I verste fall betyr det at me ikkje alltid kan senda ut leitemannskap, på grunn av tryggleiken. Då kan liv gå tapt, seier Sande.

Frafjordheiane

Lite villrein

– Eg er kanskje litt gamaldags, men det går jo an å gjera seg kjent i eit terreng med å gå på ski også, seier Margunn Nedrebø (Sp) som er Gjesdal kommune sin representant i verneområdestyret til Setesdal Vesthei, Ryfylke- og Frafjordheiane.

Ho seier det er omsynet til villrein som gjer at dei må vera strenge med bruk av skuter, sjølv om det ikkje er spesielt mykje villrein her.

nettsidene til verneområdet står det at villreinen bruker Frafjord- og Espedalsheiane enkelte år som eit utkantbeiteområde, helst om sommar og hausten. Verken Nedrebø eller korpsleiaren i Røde Kors har sett reinsdyr i Frafjordheiane på mangfaldige år.

– Det er nettopp derfor det er viktig, for det betyr jo at det er noko som skremmer villreinen. Snøskuterkøyring er noko av det me absolutt ikkje må ha for mykje av, slår ho fast.

Ho legg til at det er dumt at Røde Kors meiner at dei får køyra for lite.

– Me vil ha skigåarar og me vil ha god beredskap, men me meiner at løyva me gir er nok til å sikra dette. Det er mange som ønsker å køyra, og me må gi alle lik behandling, seier ho.

Ikkje nøgd

Røde Kors er på si side ikkje tilfreds med dette.

– Me vil gjera folka våre kjent i heile området som me skal dekka. Og det er heilt inn til Kjerag på vinterstid. Me kjem langt på ski, men me kjem ikkje over ein brøkdel av det som me kunne gjort ved å køyra. I tillegg ønsker me å vera oppdaterte på korleis snøen ligg, for om vinteren kan det endra seg frå dag til dag, seier han.

– Eg er ganske sikker på at når det skjer noko, så er folk glade for at me veit korleis me skal koma inn til dei og frakta dei ned i snøforholda som er akkurat den dagen, legg han til.

Røde Kors sin hytte i Hunnedalen

Røde Kors si hytte i Hunnedalen ligg heilt tett på verneområdet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK