Hopp til innhold

Her ser det 35 meter lange vikingskipet dagens lys

Draken Harald Hårfagre er det største vikingskipet som er bygd i moderne tid. Onsdag blei det slept ut i dagslys i Haugesund og vist fram for skodelystne.

– Først i dag, når skipet er ute, ser ein kor stort det er, seier sjefsbåtbyggar Gunnar Eldjarn.

Han viser fram det enorme vikingskipet – det største som er bygd i moderne tid i Norge.

Byggestaden har sidan mars 2010 vore ein industrihall på Vibrandsøy i Haugesund.

Segl av silke

Skipet er 35 meter langt og omlag åtte meter breitt. Materialet er eik og farkosten skal få eit segl på 300 kvm av silke.

– Arbeidet med å finna rett materiale og rette folk til oppdraget har vore utfordrande. Men nå som ting fell på plass er det berre heilt enormt, seier Eldjarn.

Når skipet blir sjøsett 4. juni, og blir klar for tokt langs kysten, kjem det til å ha plass til 50 årer. To mann kjem til å ta hand om kvar enkelt åre.

Heilt til Amerika

Skipet kjem først til å segla langs Norskekysten før det set kursen mot Europa og Amerika.

Korleis drakehovudet blir sjåande ut er framleis hemmeleg. Det blir først kjent under skipsdåpen.

Skipet er eit krigsskip og blei brukt i samband med forsvarsordninga Leidang på 900-talet.

Video Rokurs for verdens største vikingskip

Draken Harald Hårfagre treng eit mannskap på 100. Sjå reportasje frå rokurs i mars.