NRK Meny
Normal

Norsk sølv i kokke-VM

Christopher W. Davidsen frå Stavanger nådde ikkje heilt opp med hummar- og kylling-retten sin. Likevel sørgja han for Noreg sin tiande medalje i Bocuse d'Or.

Christopher W. Davidsen frå Stavanger nådde ikkje heilt opp med hummar- og kylling-retten sin. Likevel sørgja han for Noreg sin tiande medalje i Bocuse d'Or.

Her jublar Christopher W. Davidsen saman med døtrene Hedda Davidsen (f.v.) og Amalie Zammit og systera Cheryl Laffey.

– Sølv held lenge for meg. Me har gjort jobben vår, og det blei nesten gull, slår Christopher W. Davidsen fast like etter han har motteke den gjeve statuen i kokke-VM.

Det blei USA som stakk av med sitt første gull nokon sinne i Bocuse d'Or, dermed fekk ikkje dei mange norske supporterane som hadde møtt opp i Lyon, Frankrike, gullmedaljen dei hadde håpa på.

  • Gull: USA
  • Sølv: Noreg
  • Bronse: Island

Andreplass i verdas mest prestisjefulle kokkekonkurranse er likevel sterkt, og erfaringa er svært verdifull meiner Davidsen.

– Eg har på mange måtar teke eit nytt fagbrev med å vera med på dette, seier han.

Sølvet går inn i ei rekke gode norske prestasjonar i Bocuse d'Or. Dette var Noreg sitt tredje sølv, og samanlagt ligg me framleis på andreplass, bak det kulinariske mekkaet Frankrike.

Christopher W. Davidsen frå Stavanger nådde ikkje heilt opp med hummar- og kylling-retten sin. Likevel sørgja han for Noreg sin tiande medalje i Bocuse d'Or.

ANDREPLASS: Christopher W. Davidsen frå Stavanger og laget hans hamna på andreplass. USA tok gullet, medan Island fekk bronse. (Ekstern video – levert av Bocuse d'Or Norge)

Ingen medalje til Frankrike

Ifølgje TV-kokk Eyvind Hellstrøm så er det positivt for konkurransen sin del at USA vinn.

– Skal du tapa for nokon så er det like gjerne USA, det løftar konkurransen opp på eit mykje høgare nivå. Men du kunne like gjerne vunne, sa han til Davidsen like etter premieutdelinga.

Kokkelærar Hans Dahl Ørstavik meiner at dette vil bety mykje for Davidsen,

– Sølv er ikkje noko nederlag! Dette er fantastisk for Christopher, framtida hans er sikra, og eg håper at han kan starta sin eigen restaurant, seier Ørstavik, som saman med andre matinteresserte var samla på Kronen gård i Sandnes for å sjå premieutdelinga.

Det var nettopp på Kronen gård at Davidsen låg i hardtrening før Bocuse d'Or.

For Frankrike var nok skuffinga stor over å berre få pris for beste vegetar-tallerken og beste kokkelærling.

Sjå den norske sølv-menyen her

Hovudretten til Christopher W. Davidsen

– Nivået blir høgare og høgare

– Nå er eg veldig nervøs, det er kaotisk inni meg, desse timane kjennest som månader, sa det norske Bocuse d'Or-håpet Christopher Davidsen då NRK snakka med han før premieutdelinga.

Han har laga maten, dandert den og servert den. Nå kan han ikkje gjera meir enn å venta på dommen som kjem klokka 18.00 i Lyon i Frankrike.

– Du går og ventar og ventar og bygg dei andre deltakarane så høgt opp at du sjølv blir liten, sa han.

Her presenterer Davidsen menyen sin

Christopher W. Davidsen

Davidsen laga maten på tysdag. Han serverte mellom anna kylling og hummar. I videoen kan du sjå korleis presentasjonen føregjekk.

Noreg har tradisjon for å gjera det godt i konkurransen, som blir kalla verdsmeisterskapen i kokkekunst. Før avgjersla i kveld er det berre Frankrike som har fått fleire gullmedaljar enn Noreg så lenge konkurransen har blitt arrangert.

Topp tre på Bocuse d'Or

Gull

Sølv

Bronse

Medaljar til saman

Frankrike

7

2

1

10

Noreg

5

3

2

10

Danmark

1

3

1

5

Sist gong verdsmeisterskapen blei arrangert, i 2015, var det norske Ørjan Johannessen som gjekk heilt til topps.

Etter å ha sett kva dei ulike landa har presentert, så meinte Davidsen før avgjersla hadde kome, at kven som helst kan vinna.

– Eg meiner det er heilt ope. Det er så mange sterke nasjonar her, og nivået blir høgare og høgare for kvart år, seier mannen som i fjor kom på andre plass i Bocuse d'Or Europe.

Norske Christopher W. Davidsen og 23 andre kokkar ventar nå i spaning på kven som stikk av med sigeren i verdas mest prestisjefulle kokkekonkurranse.

VENTETID: NRK snakka med Christopher W. Davidsen då han hadde gjort jobben sin, og venta på å få dommen.

Her kan du sjå Bocuse d'Or sin eigen TV-kanal: