NRK Meny
Normal

Ventar sekssifra beløp for desse kunstskattane

Tre sjeldne akvarellar av Lars Hertervig er nå stilt ut hos Galleri Langgata i Sandnes. Kunsten kan også kjøpast. Men då må du fort bla opp nokre hundre tusen kroner.

Lars Hertervig

Tre Lars Hertervig-akvarellar, frå ei privat samling, er stilt ut hos Galleri Langgata.

Foto: Rebeca Bjerga

– Dette er tre unike akvarellar av Lars Hertervig frå 1870-åra. To av dei er signert, det tredje har me fått stadfesting på at er måla av Hertervig, fortel kunstformidlar Reidar Jarness hos Galleri Langgata.

Dei tre Hertervig-akvarellane som har fått veggplass hos Galleri Langgata, kjem frå ei privat samling på Austlandet. Kunsten blir stilt ut for folk flest, men kan også kjøpast.

– Prisane skal kundane bestemma, men at det blir eit sekssifra tal veit me ut frå etterspurnaden, seier Jarness.

Startbod: 200.000 kroner

Reidar Jarness

Reidar Jarness, kunstformidlar hos Galleri Langgata.

Foto: Rebeca Bjerga

Jarness fortel at det blir ein skriftleg bodrunde, og at startbodet blir på om lag 200.000 kroner. Den som har høgast bod etter eit visst klokkeslett, på ein bestemt dato, blir eigar av ein eller fleire av akvarellane.

Rogalandskunstnaren Lars Hertervig levde frå 1830–1902 og blir rekna som ein av dei store romantikarane i norsk kunsthistorie. Kunsten hans blømde opp nokre år etter at han døydde, ifølge Jarness.

– Kunstnaren lagde ikkje så veldig mykje, så derfor blir det stor etterspurnad for dette.

Laga papiret sjølv

Trond Borgen

Trond Borgen, kunstkritikar.

Foto: Rebeca Bjerga

Kunstkritikar Trond Borgen meiner det er viktig Hertervig-kunsten blir tilgjengeleg for folk.

– Dette er tre bilete som ikkje ofte blir vist fram sidan dei er frå ei privat samling. Dei er måla med vassfarge, delvis som akvarell og delvis som guasj.

Borgen fortel at det på det eine bilete kjem tydeleg fram at Hertervig har laga papiret sjølv av småbitar av forskjellig papir. Dette sette han saman ved hjelp av rugmjølsklister.

– Dette var det aller billegaste du kunne laga. Hertervig var lutfattig og hadde ofte ikkje råd til godt papir. Men på desse bileta ser me korleis han utnyttar dette og snur det til sin eigen kunstnariske fordel.

Hertervig-måleri neste

Kunstkritikaren vil ikkje uttala seg om kva prisen på kunsten ligg på, men seier den kunstnariske verdien er høg.

Når Galleri Langgata har selt dei tre akvarellane, skal dei ta fram eit måleri av Lars Hertervig.

– Dette er avbilda i bøker som er skrive om han, men det kjem i neste runde, fortel Reidar Jarness hos Galleri Langgata.

  • NETT-TV:
    No. dokumentar. Kunstmaleren Lars Hertervig levde et strabasiøst liv, men mistet han virkelig forstanden? Vi følger ham gjennom barndommen i kvekermiljøet i Tysvær, den altoppslukende forelskelsen i tyske Helene Winkelmann og hjemreisen til Norge. Vi blir kjent med hans psykiatriske diagnoser, innleggelsen på Gaustad og den skamfulle tilbakekomsten til Stavanger, hvor selv borgermesteren bidro til å ydmyke ham.

    Lars Hertervig: Lysets vanvit.