Hopp til innhold

Ventar paparazzier på Tom Cruise-jakt på Preikestolen

Det er venta fleire paparazzifotografar til Ryfylke i samband med Tom Cruise-besøket og innspelinga av filmen "Mission Impossible 6" på Preikestolen neste veke. Håpar du sjølv på å få eit blinkskot av filmstjerna, er nok sjansane for det relativt små.

Tom Cruise i rollen som Ethan Hunt friklatrer i Grand Canyon i Mission: Impossible 2.

Tom Cruise må rekna med å bli jakta av fleire paparazzifotografar når han kjem til Preikestolen og Ryfylke neste veke. Bilete er frå innspelinga av "Mission Impossible 2" i Grand Canyon.

Foto: United International Pictures

– Me har høyrt at det kjem paparazzifotografar til filminnspelinga. Hundrevis blir det ikkje, men det blir nokre, opplyser dagleg leiar i Stiftelsen preikestolen, Audun Rake.

Det er i neste veke Tom Cruise skal klatra dei siste stupbratte metrane opp til kanten av Preikestolen under innspelinga av «Mission Impossible 6».

Med på lasset følgjer altså dei som er spesialistar på å snikfotografera kjente personar – eit heller uvant syn i Ryfylke.

– Dette blir noko av det nye me kjem til å oppleva med denne filminnspelinga. Det synst me er litt spanande, å møta den store verda på denne måten, seier Rake.

Du kan følgja rigginga

Audun Rake

Audun Rake i Stiftelsen preikestolen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Preikestolen blir heilt stengt for folk under sjølve filminnspelinga, frå 7. til 9. november. Folk kan likevel følgja med på rigginga, som tar til 2. november – og når filmfolka riggar ned etter opptaka. Då blir det mogeleg å observera det som skjer frå platået overfor Preikestolen.

– Me trur det blir spanande å følgja med på rigginga og førebuingane til filmen. Men eg trur ikkje det blir mogleg for folk å få med seg sjølve filminga, seier Rake.

Heller ikkje Per Henry Borch frå produksjonsselskapet Truenorth Norway, som er den norske tilretteleggaren for Hollywood-filmen, trur det er store sjansar til å få sett filmkjendisar på Preikestolen neste veke.

– Dei som håpar på det, må eg nok skuffa. Det er nok større sjansar å sjå kjendisane i Stavanger enn oppe på Preikestolen. Då får ein heller vera litt på vakt i byen, tenker eg.

Illustrasjon av hvordan Tom Cruise skal klatre i Preikestolen.

Illustrasjonen viser korleis Tom Cruise skal klatra i Preikestolveggen.

Foto: Truenorth Norway AS

Cruise har base i Stavanger

For etter det NRK kjenner til, kjem Tom Cruise til å ha base på ei privatadresse i Stavanger-området under filminnspelinga. Til Preikestolen kjem han med helikopter.

Ifølge produksjonsselskapet Truenorth Norway og fleire filmekspertar, kjem opptaka i Ryfylke til å bli ei viktig scene i den nye Mission Impossible-filmen.

Reiselivssjef i Ryfylke, Liv Jorunn Tjelmeland, er spent på effektane av storfilmbesøket i Ryfylke.

– Eg trur dette er ein kjempestor sjanse for reiselivet i Rogaland og Norge. Dette har me ikkje vore borti før og me gler oss til å sjå effektane av dette.

Reiselivssjefen viser til kva innspelinga av den populære tv-serien «Game of Thrones» har hatt på byen Dubrovnik i Kroatia.

– Eg trur at me vil oppleva dette i Ryfylke og Norge også.