Hopp til innhold

Ventar på obduksjonsrapport

Politiet veit framleis ikkje kvifor ein mann frå Sola døydde brått under Nordsjørittet laurdag.

Syklist omkom i Nordsjørittet

Det var ved Vandavatnet i Hå kommune ein sykklist omkom i Nordsjørittet laurdag.

Foto: Ole-Andrè Lagmanndokk / NRK

– Alt me veit er at ein mann som må ha vurdert seg sjølv som frisk og sprek nok til å delta i rittet døydde i løypa, seier jourhavande ved Rogaland politidistrikt Cecilie Steen.

Derfor er mannen sendt til rettsmedisinsk obduksjon. Steen trur ein førebels obduksjonsrapport vil vera i politiet sine hender i løpet av dei neste dagane.

Det blei sendt krimteknikarar til åstaden etter ulukka og personar som var i nærleiken blei avhøyrt. Politiet avventar nå rapporten.

– Det er ingenting som tilseier at det har skjedd noko straffbart i samanheng med dødsfallet, seier Steen.