Hopp til innhold

Venta på bussveg i uvisse i ti år. Må vente minst to år til

I 2012 fekk eigaren beskjed om at bussvegen kom til å ta delar av eigedommen. I haust kom ny beskjed: Vent til 2024. Den største leigetakaren har sagt opp, og eit sal gir under halvparten av det bygningen er verdt.

Hillevågsveien 18, frå vestsida av fv. 44

På denne sida er det bussvegen som vil ta ein del av bygget. På høgre sida er det planar om ein ny veg der bygget står, opplyser Arne Hatløy. Arne Hatløy må ennå vente lenge før han får vite kva som skjer med eigedommen Hillevågsveien 18 i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Arne Hatløy opplever at eigedommen hans i Stavanger står midt i ein krysseld.

Det er to reguleringsplanar som dekker området. I den eine er bygget vekke, og det er teikna inn ein vegstubb i staden.

I den andre er det opning for at fylkesveg 44 med bussvegen blir utvida inn i bygget.

– Då bussvegprosjektet ringde den 29. november, fekk eg vite at dei trengde fem meter av bygget langs fylkesvegen, seier Hatløy,

– Og då blir det ikkje så mykje igjen?

– Nei, det blir jo ikkje det.

Les også Bussveg 20??

Ein passasjer går på ein buss i bussvegen i Stavanger

Planlegginga skrinlagt våren 2021

Det var far til Arne Hatløy som i 2012 fekk beskjed om at bygningen skulle rivast for å gi plass til bussvegen på Nord-Jæren.

Problemet for Hatløy er at eigedommen ligg i eit område som har vist seg særs vanskeleg å få bygd for bussvegen sin del.

Bussvegen mellom Stavanger og Sandnes skulle etter planen ha vore ferdig i 2021, men er nå utsett til sommaren 2026. Og ein 3–400 meters strekning, der eigedommen til Hatløy ligg, kjem ikkje til å bli ferdig då heller.

Våren 2021 blei planlegginga skrinlagt for denne strekninga. Nå har det blitt laga heilt nye planar.

Området i Hillevåg, ved inngangen til tunnelen mot motorvegen. Forslaget var å heve bussvegen og lage ei rundkøyring over fylkesveg 44. Forslaget er foreløpig lagt til sides.

Planane for bussvegen gjennom Hillevåg som blei lagt vekk våren 2021.

Foto: Multiconsult

– Nabokontakten til Bussveg-prosjektet ringde i november. Ho snakka om eit nytt forprosjekt, og at ingen ting fysisk kom til å skje før i beste fall i 2024, seier Hatløy.

Taper millionbeløp

Likningsverdien på den 1100 kvadratmeter store eigedommen er 12,5 millionar kroner, opplyser Hatløy. Det høgaste bodet han har fått er på 6 millionar.

– Sjølv ut frå likningsverdien, taper me 6 millionar på eit sal. Det er så mykje uvisse om kva som skal skje med eigedommen, seier Hatløy.

Ofte er marknadsverdien høgare enn likningsverdien, så tapet blir truleg høgare.

Næringseigedomsmeklaren som Hatløy sette på saka, sa at eigedommen ikkje kunne seljast til marknadspris til ein privat aktør.

– Einaste sjansen var at bussvegprosjektet løyste inn bygget, seier han.

Hillevågsveien 18 i Stavanger

I dag er ein køyreskule og eit skipselektronikkselskapet dei største leigetakarane i bygget

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Når det gjeld utleigeverdi, står det ikkje mykje betre til.

Den største leigetakaren har sagt opp frå nyttår.

– For å halde oppe aktiviteten i bygget er me nøydde til å redusere leiga med kanskje 40 prosent. Det utgjer raskt 200.000 kroner i året, reknar Hatløy ut.

Avviser økonomisk ansvar

Tilbakemeldinga frå bussvegadministrasjonen er ikkje hyggeleg lesing for Hatløy.

– Fram til Rogaland fylkeskommunen eventuelt overtar eigedommen Hillevågsveien 18, har ikkje bussvegen eit økonomisk ansvar, seier Anne Margrethe Skretting, seksjonsleiar for bussvegutbygginga.

Hillevågsveien 18 med buss

Fylkesveg 44 må bli breiare dersom bussvegen skal byggjast ut i full breidde i Hillevåg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho beklagar at det har tatt ti år frå dei første signala om innløysing kom, men seier også at så store prosjekt som bussvegen tar lang tid å gjennomføre.

Skretting opplyser at arbeidet med ein ny reguleringsplan kjem til å starte i 2023.

Men det betyr ikkje at fylkeskommunen kjem til å kjøpe eigedommen då.

– Sjølve bygginga av bussvegstrekket kjem ikkje til å starte før etter 2026, slår Skretting fast.