NRK Meny
Normal

Venstre vil ha fråfall i vgs. som valkampsak

Fråfallet i vidaregåande skule er om lag like stort i dag som for 10 år sidan, meiner partiet Venstre i Rogaland. Nå vil dei bruka valkampen til å finne ei løysing på problemet.

Drop out-elev

Kvar fjerde elev i vidaregåande skule sluttar utan å fullføre. Slik har det vore i 10 år. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Stein Schinstad / NRK

Fylkesleiar i partiet Venstre i Rogaland, Kjartan Aleksander Lunde, sit med statistikken framføre seg. Den viser at om lag 25 prosent av alle som startar på vidaregåande skule i fylket, aldri fullfører utdanninga.

– Statistikken eg har er frå 2013 og frå 2009, men resultatet var om lag likt også for nærare 10 år tilbake, seier han.

Til val på skulefråfall

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde

Fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde, meiner at kampen mot fråfall i vidaregåande skule skal vera i viktig valkampsak.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nå ønskjer han og partiet Venstre å gjera dette om til ei valkampsak.

– Korleis kan det bli ei vinnarsak for partiet?

– Det vedgår veldig mange. Både direkte for skuleelevar og for foreldra deira. Samstundes ser me at dei som dett ut av vidaregåande skule, også slit vidare i livet. Mange kjem inn i arbeidsløysestatistikken til NAV i neste omgang. Derfor er det viktig å gjera noko for å redusere denne gruppa.

Meir praksis, mindre teori

Lunde ser for seg å ta grep, spesielt på ein del yrkesfag. Han meiner at dei må gjerast meir yrkesretta. Å få elevane tidlegare ut i bedrifter, er eit slikt grep. Då får elevane oppleva kva det vil seie å vera ein del av arbeidslivet, og det kan gi dei ståpå-vilje til å fullføra utdanninga, tenkjer Lunde.

Byggfag

Byggfag er ein av dei yrkesfaglege retningane som slit med at fleire elevar gir opp undervegs.

Foto: Jorun Vang/NRK

Han ser også for seg at kommunane og ungdomsskulen må inn i dette samarbeidet, slik at det er lagt eit grunnlag før elevane byrjar på vidaregåande skule.

10 år utan resultat

I 10 år har det vore om lag like mange som gir opp vidaregåande skule, rundt 25 prosent, eller kvar fjerde elev.

– Kva er det som har gått gale, hittil?

– Nokre av grepa har kanskje verka litt. "Ny Giv" (sjå faktaboks) kan vera eit eksempel på det. Men det har ikkje blitt nok trykk og det har heller ikkje blitt gjort nok på same tid og kanskje heller ikkje tidleg nok til at me har fått den store effekten av dette, seier fylkesleiar i Rogaland Venstre, Kjartan Aleksander Lunde.