Hopp til innhold

Venstre er sett på sidelinja i oljedebatten

Landsmøtet til Venstre sitt vedtak om å seie nei til 24.konsesjonsrunde etter olje og gass, har sett partiet i ein situasjon utan forhandlingskort. Det meiner den rutinerte venstrepolitikaren Per A. Thorbjørnsen frå Stavanger.

Per A. Thorbjørnsen slår ut med hendene

Per A. Thorbjørnsen tapte kampen om Venstre sitt syn på vidare oljeboring.

Foto: Siv Sandvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Nå kan Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og delvis Senterpartiet, dure i veg. Dette vedtaket er ein siger for oljeindustrien, seier Per A. Thorbjønsen frå Stavanger.

Thorbjørnsen legg ikkje skjul på at han var oppgitt og skuffa, etter at eit fleirtal på Venstre sitt landsmøte i Ålesund vedtok at partiet skulle seie nei til 24. konsesjonsrunde.

24. konsesjonsrunde

Regjeringa har lyst ut over hundre leiteblokker i Norskehavet og i Barentshavet. Venstre kjem nå til å gå inn for å avlyse denne utlysinga.

Foto: Olje- og energidepartementet

Rett nok sa vedtaket ja til å opne nye leitelisensar for olje og gass, men altså nei til det regjeringa har gjort, nemleg å lyse ut konsesjon på oljeleiting i 102 blokker i Norskehavet og Barentshavet med høyringsfrist til 2. mai.

– Fleirtalet forstod ikkje kva dei gjekk inn for, seier Thorbjørnsen.

Med det meiner han at dersom partiet i framtida er med på å tildele ei einaste leiteblokk, for eksempel som resultat av politiske forhandlingar, så har Venstre gjort eit løftebrot.

– Det er denne situasjonen landsmøtet har sett partiet i, seier Thorbjørnsen.

Grøne gratulasjonar

Det var jubel i salen då vedtaket blei klårt, og den kom spesielt frå dei yngre landsmøtedeltakarane i Venstre.

Rasmus Hansson legger fram De Grønnes alternative statsbudsjett §'Grønne muligheter: Det gode livet etter olja».

Rasmus Hansson, MDG, gratulerer Venstre med vedtaket.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Også frå konkurrenten Miljøpartiet dei Grøne, (MDG), kom det lovord.

– Dette er ein siger for miljøgrasrota i Venstre og eit framsteg for Venstre som klimaparti, seier Rasmus Hansson, talsmann for MDG

Kompromisset blei vedtatt

Avstemminga gjekk over to omgangar. Det første forslaget, om å seie nei til all framtidig oljeleiting, blei stemt ned med 109 mot 108 stemmer.

Iselin Nybø

Iselin Nybø og resten av partileiinga gjekk på eit nederlag i synet på 24. konsesjonsrunde.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Kompromisset var i det minste litt betre, meiner Thorbjørnsen.

– Nå er det ennå opning for leiting, og ordninga med å vidareutvikle gamle oljefelt, går jo vidare, seier han.