Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Venstre-brosjyre Reporter Egil Johan Ree ( 2:42, 16kbps)
Som vi nettopp har høyrt, har Arbeidarpartiet vanskar med å overtyda velgjarane om at det er det beste partiet. Også Venstre slit med dette problemet, men medan Ap førebels famlar forvirra omkring for å finna ut kva partiet bør gjera for å koma seg opp av myra, så har Venstre alt avgjort kva som må til for å klatra opp på meiningsmålingane. Partiet skal laga ein brosjyre.
I denne brosjyren skal Venstra fortelja kva partiet står for. Brosjyren skal ikkje vera så tung som eit partiprogram, men heller ikkje så lett som ein valbrosjyre, seier Atle Hagtun, Venstres sekretariatsleiar i Stortinget, til Aftenposten. Han vedgår at partiet har eit kommunikasjonsproblem. Det er uklart for mange kva partiet står for.
Sekretariatsleiaren peikar og på at Venstre slit med det han kallar den visuelle profilen. På Internett-sidene sine har partiet difor søkt etter modellar som kan representera det nye venstre-mennesket.
Vi som er litt opp i åra har gjerne eit indre bilete av venstre-mennesket som ein middelaldrande lærar med hatt og grå gabardinfrakk. Vi minnest og Bent Røiseland, venstre-hovdingen frå Sørlandet som imponerte alle med sine bitande replikkar, men som neppe ville nådd opp i modell-tevlingar. Nå er Venstre på jakt etter gode fjes, gjerne med glimt i auga og eit godt, lurt smil. Slik stod det i etterlysinga på nettet. Det gode fjeset med glimt i auga skal då truleg stå på framsida av brosjyren med sitt lure smil og lokka velgjarane til å røysta på Venstre neste gong det er val.
På spørsmål frå Aftenposten om kvifor ikkje Lars Sponheim kan brukast som lokkemiddel, svarar sekretariatsleiar Hagtun noko unnvikande. Det same gjer representanten for firmaet som skal hjelpa Venstre med den visuelle profilen. Partiet har kanskje funne ut at den høgttenkjande landbruksministeren i desse dagar ikkje er rette mann til å forklara for velgjarane kva partiet står for.
Nå står det att å sjå kva Arbeidarpartiet finn på for å hindra at partiet nærmar seg Venstre i oppslutning. Førebels har Ap nokre fleire potensielle modellar å ta av enn Venstre, men det spørst om ikkje også dette partiet bør finna fram til nye fjes. Stoltenberg-namnet er sjølvsagt framleis gangbart, men i desse Tertitten-tider kunne det kanskje vera ein idé å skifta ut Jens med Robert.