Hopp til innhold

Vengeklippa teknisk utval

Kommunestyret i Hå vedtok i går kveld å ta vekk alle plansaker frå Teknisk utval.  Det betyr også eit nei til eit knuseverk for metallavfall på Vigrestad

Kommunevåpenet til Hå kommune

Eit nei til knuseverket er konsekvensen av at kommunestyret i Hå i går vedtok å ta frå teknisk utval alle plansaker i kommunen.

Både lokalbefolkninga og fleirtalet på 20 mot 13 av politikarane i Kommunestyre er i mot planene om eit metall-knuseverk.

Likevel har Teknisk utval nekta å bøya seg i saka.

Knuseverk

Selskapet Teigen AS vil byggja eit knuseverk for metallavfall på Småhaugane i Hå.  Det ville Teknisk utval, eit underutval i kommunen, gått inn for.  Fleirtalet i Kommunestyret, det høgste utvalet, har ikkje hatt fleirtal for dette.  I to tilfelle har Teknisk utval nekta å snu, sjølv om dei kjenner til Kommunestyret sitt syn.

Omorganisering

Løysinga i går kveld, blei å ta frå Teknisk utval alle rettar til å stelle med utbyggingsplanar, såkalla "Plansaker".   Det skal opprettast eit nytt utval, som skal ta desse sakene.  Sjølve byggjesaka var også oppe og den blei nedstemt med 20  mot 13 stemmer.