Hopp til innhold

Veljarane seier «nok er nok» til Folkets parti

Dei tok veljarane med storm og kommentatorane på senga. Fire år seinare har bompengepartiet knapt ei stemme igjen på målingane.

Frode Myrhol fra Folkets parti FNB på formannskapsmøte i Stavanger kommune.

Frode Myrhol vil framleis ha eit ord med i laget, men det er lite truleg at han får halda fram som representant for Folkets parti i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Me har ein kjempestor jobb å gjera.

Frode Myrhol har tatt oss med til det nye partikontoret til Folkets parti i Stavanger.

Her ligg eskene stabla med t-skjorter, jakker og handlenett med partilogoen på.

– Det er veldig usikkert om me i det heile kjem inn. Så nå må me få ut bodskapen, seier Myrhol, som i dag både sit i kommunestyret og i fylkestinget.

Utgangspunktet for årets valkamp kunne knapt vore verre.

Den siste målinga frå Stavanger viste at Folkets parti har ein oppslutnad på 0,4 prosent. Det er langt frå 9,2 prosent, som var valresultatet i 2019.

Eg lyg om eg seier at eg trur det kjem til å gå bra. Eg veit ikkje. Eg er veldig usikker, seier Myrhol.

Frode Myrhol gjer klar valkamputstyr.

Frode Myrhol pakkar ut t-skjorter og anna utstyr dei skal bruka i valkampen.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Bompengevalet i 2019

Det var Frode Myrhol som stifta partiet tilbake i 2014. Men då heitte det Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).

Partiet blei starta i protest mot innføringa av ein ny bompengering på Nord-Jæren.

Ved valet i 2019 hadde bompengeopprøret spreidd seg til fleire stader i landet. Det hadde blitt ei folkerørsle. Fleire tusen gjekk i demonstrasjonstog i norske byar, med slagordet «nok er nok».

Aksjon mot bomring i Stavanger

Fleire tusen demonstrerte mot bompengar i Stavanger. Her frå ein demonstrasjon i august 2018.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Då valresultata tikka inn på valnatta for fire år sidan, vart mange overraska.

I Bergen fekk FNB ein oppslutnad på heile 16,7 prosent, i Alver 22 prosent, i Sola 10 prosent og i Oslo 5,8 prosent, for å nemna nokre.

Les også: I denne nye kommunen ble bompengepartiet større enn alle

Morten Klemetsen på valgvake hos FNB Alver i Knarvik
Morten Klemetsen på valgvake hos FNB Alver i Knarvik

Knapt ein promille igjen

– Dei var verkeleg ein maktfaktor. I augeblikket tyder ingenting på at dei blir det igjen etter valet, seier Johan Giertsen frå Poll of polls.

Dei har oversikta over meiningsmålingar som blir gjort omkring i landet. Og det er ikkje berre i Stavanger at partiet ligg dårleg an.

Arendalsuka 2018

Johan Giertsen frå Poll of polls ser at Folkets parti ligg dårleg an på målingane for augeblikket.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Bortsett frå Tromsø, der bompengesaka framleis er aktuell, så er det snakk om promillar i all hovudsak for Folkets parti.

Og det er ikkje alle stader dei får det ein gong.

NRK si siste måling i Bergen viste ein oppslutnad på 0,0 prosent til Folkets parti.

– 2019 var eit unntak. At eit slikt einsaksparti skal vinna så mange veljarar to lokalval på rad, det har Noreg ingen tradisjon for, seier Giertsen i Poll of polls.

– Bompengesaka er vekke

– Det er historia om skjebnen til eit einsaksparti. Forsvinn saka, forsvinn partiet, seier statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.

Svein Erik Tuastad

Svein Tuastad kallar Folkets parti for sjølve definisjonen på eit einsaksparti.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Tida då folk tok til gatene over rushtidsavgift og kvar bommane var plasserte er førebels forbi.

Sidan 2019 har me hatt ein pandemi. Det har brote ut krig i Europa. Straumprisen har auka kraftig, rentene like så.

– Den saka som Folkets parti hadde var bompengesaka. Nå er den saka heilt vekke, og dei har ikkje markert seg i det heile teke på andre saker, meiner han.

Meiner dei er meir enn eit einsaksparti

Dei siste fire åra har Folkets parti vore ein del av det styrande fleirtalet i Stavanger og Myrhol meiner sjølv dei har fått gjennomslag på fleire område enn bompengar.

Mellom anna har han vore ein forkjempar for gratis buss.

Og han meiner det er feil å kalla dei eit einsaksparti.

– I Stavanger hadde me eit program på 28 sider. Men det kan vera at folk oppfattar oss kun som eit protestval og at folk har overvurdert kva partiet kan få til åleine.

– Meiner du sjølv at bompengar framleis er den viktigaste saka?

– Bompengar er ein usosial måte å krevja inn skatt på, så det ligg veldig høgt oppe på lista.

Frode Myrhol fra Folkets parti FNB på formannskapsmøte i Stavanger kommune.

Frode Myrhol sit i formannskapet i Stavanger i dag og er ein del av det styrande fleirtalet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Eit nytt parti

Med labre meiningsmålingar i ryggen og rundt 100 dagar igjen til valet, heldt Folkets parti landsmøte i Stavanger i helga. Om lag 50 delegatar med stemmerett var samla for å avgjera kva dei skal meina framover.

– Korleis er det å gå i gang med valkampen med slike målingar?

Cecilie Lyngby på landsmøtet til Folkets parti

Cecilie Lyngby på landsmøtet til Folkets parti.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me kjem til å gi gass og så får me berre sjå. Det er folket som avgjer til slutt, seier Cecilie Lyngby.

Ho har aleine vore leiar for partiet sidan i fjor, då Frode Myrhol trakk seg.

Det var også i fjor at partiet vedtok å skifta namn og Lyngby trur det kan ha skapt forvirring. I tillegg trekk ho fram at dei er ferske.

– Me er eit nytt parti. Det er berre fire år sidan me fekk alle fylkeslag opp og stå. Og det tar lang tid å bygga opp eit parti.

Men i løpet av desse fire åra har det også vore mykje bråk internt. I Sandnes er berre ein av dei fem representane som blei valde inn i kommunestyret framleis medlem av partiet. I Alver melde heile lokallaget seg ut, det gjorde også den profilerte leiaren i Bergen, Trym Aafløy.

– Alle parti har interne stridigheitar. Me har hatt våre barnesjukdomar i oppstarten og dei er plastra nå. Og så kan det koma fleire, men då har me betre måtar å handtera dei på, seier Lyngby.

– Men kva tenker du om framtida til partiet om målingane slår til?

– Då står me på, bretter opp ermene og jobbar oss opp mot stortingsvalet.

Cecilie Lyngby på talarstolen til Folkets parti sitt landsmøte

Debatt under landsmøte til Folkets parti. Leiar Cecilie Lyngby er på talarstolen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Vil sjå etter andre alternativ

Myrhol ser mørkare på framtida til partiet han ein gong grunnla, dersom dei ikkje blir representerte i kommunestyra rundt om i landet etter valet.

– Du ser døme på parti som stiller til val etter val og aldri blir valde inn. Men viss du legg ned all den jobben utan å kunne bidra, så trur eg veldig mange vil telja på knappane. Då trur eg framtida er ganske bleik.

Målet er framleis å snu trenden og få inn representantar. Men dersom det ikkje går vil han truleg skifta parti.

– Eg er såpass interessert i politikk at dersom me ikkje blir valde inn i Stavanger, så vil eg nok sjå meg rundt etter andre alternativ.

Kva parti han då vil gå til vil han ikkje seia. Først er det valkamp for Folkets parti.

Frode Myrhol fra Folkets parti FNB på formannskapsmøte i Stavanger kommune.

Etter valet vil Folkets parti truleg ikkje vera ein del av formannskapet i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK