NRK Meny
Normal

– Metadonbehandlinga skada sonen min

Fleire kvinner tek Metadon eller Subutex medan dei er gravide. Men ein veit lite om kva konsekvensar det har for barnet på lengre sikt. Ei kvinne på Karmøy meiner hennar son tok skade av det.

Fleire kvinner tek metadon eller Subutex medan dei er gravide. Men ein veit lite om kva konsekvensar det har for barnet på lengre sikt.

– Han har problem med å halde fokus og konsentrasjonen, han gløymer ting, og han har problem med til dømes å halde ei saks, så det er veldig mange samansette ting, fortel ei mor på Karmøy.

Det har gått over ti år sidan ho tok valet om å halde fram med metadonbehandlinga medan ho var gravid.

Sonen hadde abstinensar då han vart fødd, og slit i dag med tap av korttidsminne og motoriske skader. Mora meiner metadonbehandlinga har skulda.

– Eg trudde dette var medisin som skulle halde meg vekke frå heroin så ungen min ikkje skulle bli sjuk, og så blir han så sjuk som dette her. For meg blei det veldig vanskeleg, og eg slit den dag i dag med dårleg samvit for det valet, fortel ho.

Fleire på LAR-behandling

Fleire har blitt sett på såkalla LAR-behandling dei seinaste åra, difor er det også fleire kvinner som blir gravide medan dei går på Metadon eller Subutex.

Marit Tjessem

AUKE: Jordmor Marit Tjessem har sett ei auke i talet på gravide som går på metadon eller subutex.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I 2012 var talet 32 på landsbasis. På fødeavdelingen på sjukehuset i Stavanger stadfestar dei ei stor auke dei siste åra.

– For to år sidan hadde eg 12 pasienter her, men i løpet av dei siste to åra har talet blitt dobla, fortel jordmor, Marit Tjessem.

Blir anbefalt å halde fram

Fagmiljøa er ueinige om på kva konsekvensar dette har for barnet, men som med mora på Karmøy, blir kvinnene likevel anbefalt å halde fram med behandlinga gjennom heile svangerskapet, i staden for å trappe ned.

– Me har nasjonale retningslinjer som seier at ein bør halde fram med behandlinga, men at ein kan velje å trappe ned forsiktig. Så det blir til sjuande og sist kvinna sitt val, seier Finn Johansen, avdelingsoverlege ved Rogaland A- senter.

Finn Johansen

ANBEFALER Å HALDE FRAM: Finn Johansen ved A-senteret fortal at kvinnene blir anbefalt å halde fram med behandlinga.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Årsaka til at ein anbefaler kvinnene å ha halde fram med å gå i LAR-behandling er at ein meiner alternativet er verre.

– Ut ifrå det ein veit i dag er det eit betre alternativ enn at mor ruser seg på heroin eller andre medikament, og der det er ingen kontroll på inntak, seier Rigmor de Waard ved helse og sosialavdeling hos Fylkesmannen i Rogaland.


Fødd med abstinensar

Fosteret blir dermed gitt vanedannande medikament gjennom heile svangerskapet, og dosen blir ofte trappa opp mot slutten, når mor blir større. Resultatet er at mange av borna er avhengige når dei blir fødde, fortel de Waard.

– Det som me veit heilt sikkert er at opp mot 60 prosent av borna blir fødde med abstinensar. Ein veit og at det då er behov for nedtrapping på ein stad mellom 20 og 45 dagar, seier de Waard.

Veit for lite


LAR-behandlinga har ingen lang historie, difor er det lite forsking på kva konsekvensar behandlinga har for barnet på lengre sikt.

– Det er ein av dei store utfordringa, fordi dette er eit område der ein veit for lite om kva skader barnet kan få på lengre sikt. Eg tenker at meir kunnskap er viktig. Det er viktig at me får ein nasjonal oversikt over fødsler i LAR og at ein får ein oversikt over korleis det går med barna på lengre sikt. Slik at ein i framtida kan gi betre informasjon til mor om kva som kan vera det rette valet, seier de Waard.

Då mora frå Karmøy fikk sin andre son, trappa ho ned bruken av metadon. Ho opplev ikkje dei same problema med han, som med hennar fyrste son.

Ho veit kva ho ville gjort, om ho fekk sjansen til å ta valet på nytt.

– Eg er overbevist til den dag i dag om at eg ikkje gjorde det rette. Hadde eg visst meir då så hadde eg nok kjempa endå meir for å komma meg av metadon.