Hopp til innhold

Vegvesenet skal tilsetja fleire til å styra bomringane

Statens vegvesen vil endre måten bomringane blir styrte på. Nå skal fleire tilsette passe på at vegprosjekta ikkje blir dyrare enn planlagt. Bompengepartiet fryktar rekninga endar hos bilistane.

Bommen på Bybrua i Stavanger

I dag jobbar mellom tre og fire tilsette med administrasjon i bomringane i dei største byane i Noreg. For å sikra at vegprosjekt ikkje blir dyrare enn planlagt, skal sekretariata bli styrka med fleire tilsette.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Politikarane i Bymiljøpakken på Nord-Jæren trudde dei skulle få overført nærare 900 millionar kroner frå det «gamle» bomprosjektet i området. I staden fekk dei servert ei gjeld på ein halv milliard, og ein 2,5 kilometer lang fylkesveg kosta 881 i staden for 492 millionar kroner.

Ifølge ein rapport frå konsulentselskapet PricewaterhouseCooper (PwC) hadde sekretariatet rapportert feil opplysningar. Det skuldast i hovudsak at utbyggjaren, Vegvesenet, ikkje hadde fortalt om overskridingar på det siste vegprosjektet.

Brua over Ganddal på fv 505, luftfoto

Fylkesveg 505, som kryssar jernbanen på Ganddal ved Sandnes, kosta 881 millionar kroner for 2,5 kilometer veg. Etter planen skulle strekninga kosta 492 millionar.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Foreslår endringar

Samstundes som rapporten frå PwC blei presentert, la Vegdirektoratet fram eit forslag til korleis dei lokale bomringane over heile landet skal få betre styring.

Det skal skje ved å tilsette fleire i prosjekta.

Bjørn Grimsrud

Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen vil sikre seg at styringsgruppene i bomringane får oppdaterte tal som held vatn.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Sekretariatet, som er namnet som blir nytta, skal levere kvalitetssikra tal til styringsgruppa tre gonger i året. Og dersom vegprosjekt viser tydlege teikn til å bli dyrare enn venta, så skal sekretariatet gi beskjed endå raskare.

– Nå skal det ikkje lengre vera tvil om kven som er ansvarleg for å rapportere korrekte tal til den politiske styringsgruppa, seier Bjørne Grimsrud, direktør for økonomi- og virksomhetsstyring i Statens vegvesen.

Førebels har han ikkje noko tal på kor mange fleire tilsette dette vil seie, men han anslår ein tilsett ekstra i kvar av dei store byane i Noreg.

Frå før er det tre eller fire tilsette i desse byane.

Bommotstandar reagerer

– Det verste er at dette truleg ikkje får nokon konsekvens for dei som blir omtalte i rapporten, seier ein svært kritisk Frode Myrhol, leiar i partiet Folkeaksjonen nei til bompengar (FNB).

Frode Myrhol

Bommotstandar Frode Myrhol, FNB, fryktar endå høgare administrasjonskostnader.

Foto: Eirin Larsen/NRK

– Folk blir jo opprørte når dei høyrer noko slikt. At Vegvesenet har sete på desse tala og ikkje rapportert dei vidare, seier Myrhol.

Dyrare for bilistane

FNB-leiar Myrhol vedgår at dersom ei styrking av sekretariatet betyr at det ikkje lengre blir feilrekningar i milliardklassen, så har det noko for seg.

Samstundes ser han faren for at bompengane forsvinn i administrasjon. Det er alt fire tilsette i sekretariatet i Bymiljøpakken på Nord-Jæren.

– Kjem det for eksempel tre til, så snakkar me raskt om 2 millionar ekstra i kostnader i året. Og kven trur du må betala dei pengane? Jo det er bilistane, avsluttar Myrhol.