– Det er tydeleg at ingen av partane har gjort ein god nok jobb. Ein har lent seg tilbake og tenkt at det er kontroll, seier fylkesordførar i Rogland, Marianne Chesak frå Ap.
I dag kom konsulentselskapet PwC med ein knusande rapport mot dei som har ansvar for å byggje, organisere og styre bompengane på Nord-Jæren.
Og det er spesielt eitt av prosjekta som får hard kritikk.
389 millionar kroner dyrare veg
Den 2,5 kilometer lange vegen mellom Skjæveland og Foss-Eikeland i Sandnes blei nær dobbelt så dyr frå første prognose i 2013 til han stod ferdig nå i sommar.
Vegen skulle kosta 492 millionar kroner, men prislappen blei 881 millionar kroner.
Ifølgje rapporten har det mangla styring, skikkeleg rapportering og kostnadskontroll i samanheng med bygginga.
– Vi har ikkje gjort ein god nok jobb. Det er berre å innrømme det, seier Tone Oppedal, som er avdelingsdirektør i Vegvesenet.
Tone Oppedal frå Statens vegvesen, Kari Nessa Nordtun, ordførar i Stavanger og Jarle Bø, ordførar i Randaberg, følgjer med på framlegginga av rapporten.
Foto: Erik Waage / NRKDelar av kritikken går ut på at dei ikkje har rapportert skikkeleg om kostnadsoverskridingar.
Ifølgje Oppedal tar Vegvesenet lærdom av dette.
– Det er noko vi allereie har begynt å sjå på. Korleis kan vi lære av dette og korleis kan vi faktisk gjere det betre, seier ho.
– Me var ikkje proaktive
Ifølgje rapporten var det også manglande kontroll i overgangen mellom den gamle bompengepakken til den nye Bymiljøpakken for Nord-Jæren.
Saka går fleire år tilbake, og dei fleste politikarane som sat i styringsgruppa blei skifta ut etter valet i 2019.
Dei nye lover å følgje betre med.
– De hadde ikkje kontroll i overgangen frå den gamle til den nye pakken?
– Nei, ein trudde det, men var ikkje proaktiv nok til å spørje etter meir informasjon. Dette viser at vi må ha ei meir offensiv rolle i styringsgruppene, seier fylkesordførar Chesak.
– Er det Vegvesenet som ikkje har gjort det dei skulle med å halde dykk som styringsgruppe oppdatert?
– Det blir for enkelt å seie. Eg meiner ingen har gjort det dei skulle. Det har svikta hos alle partar til tider, seier fylkesordføraren.
Fylkesordførar Marianne Chesak og sandnesordførar Stanley Wirak sit i styringsgruppa til Bymiljøpakken for Nord-Jæren.
Foto: Erik Waage / NRK