Hopp til innhold

Vegdirektøren åtvarar mot trolleybuss

Vegvesenet ber fylkesordføraren revurdere trolleybuss på Nord-Jæren. Samferdselsministeren sitt nei til å dekke dei ekstra utgiftene er eit viktig signal, meiner vegdirektøren.

Trolleybuss i Stavanger sentrum

Slik kan trolleybussen koma til å sjå ut i Stavanger sentrum frå 2021.

Foto: Rogaland fylkeskommune

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF), blir pressa frå to sider i spørsmålet om den nye bussvegen skal ha trolleybuss-teknologi, med vaier og leidningar i lufta, eller bussar som går på batteri.

Trolleybuss i Hillevåg

Her køyrer ein framtidig trolleybuss på bussvegen gjennom Hillevåg i Stavanger, ifølge skisser frå Rogaland fylkeskommune.

Foto: Rogaland fylkeskommune/Illustrasjon

Pål Morten Borgli frå Frp, representerer mindretalet i fylkespolitikken og han støttar sin eigen minister og vegdirektøren.

– Eg høyrer jo at vegdirektøren både er veldig tydleg og veldig diplomatisk. Han åtvarar mot å gå vidare med dette konseptet. Det gjer han jo heilt tydleg, seier Borgli.

Hadde snakka med ministeren

Samferdselsministeren vil helst ha bussdrift på den nye og milliarddyre bussvegen på Nord-Jæren, enten med biodiesel eller med batteriteknologi. Det sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen på møtet i styringsgruppa for Bypakke Nord-Jæren på måndag.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen leiar styrningsgruppa for Bypakke Nord-Jæren

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen, oppfordrar fylkestinget i Rogaland til å tenkje seg om ein gong til, når det gjeld å bruke trolleybuss-teknologien.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

På det grunnlaget har ministeren sagt nei til å dekke minst 350 millionar kroner, som er ekstrautgiftene ved å gå for trolleybuss i staden for anna bussdrift.

– Regjeringa vil vera med å finansiere det som er nødvendig for å få til tung satsing på kollektivtrafikk i dei fire største byane i landet. Men dei vil ikkje vera med på det som blir kalla for «fordyrande løysingar», seier Moe Gustavsen.

Held fast på sitt

Men trass i presset frå to sider, så lar ikkje fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal seg presse til å gå ein ny runde med politisk behandling.

– Nei, eg har eit breitt fleirtal i fylkestinget bak meg. Då gjekk me inn for trolleybuss-teknologien, basert på nullutslepp og at det er ein godt utprøvd teknologi, seier Ege Tengesdal.

Ho viser også til at kravet om å ta omsyn til miljøet har blitt styrka sidan fylkestingsvedtaket. Det har skjedd både i Paris-møtet og i form av signala som har kome i den nye nasjonale transportplanen for 2018–2029.

Fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF) og samferselssjef Gottfried Heinzerling

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (KrF), vil ikkje gje slepp på trolleybuss-teknologivedtaket. Her sit ho saman med samferdselssjef Gottfried Heinzerling.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Tenk ein gong til

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen passar seg vel for å krevje at politikarane i Rogaland fylkesting skal endre vedtaket sitt. På andre sida er han like tydleg på at politikarane må vera klare til å bla opp minst 350 millionar kroner ekstra, dersom dei held fast på trolleybuss-teknologien.

– I lys av det må politikarane vurderer om dei har råd til å finansiere dette beløpet på eiga hand, eller om det endrar biletet. Og det er jo rimeleg at dei brukar noko tid på å finne ut av, avsluttar Moe Gustavsen.