Hopp til innhold

Frå null til nesten full dekning i vegadresser

I fjor hadde ingen i Forsand kommune eiga gateadresse. Nå har nesten alle ei unik adresse for huset sitt. – Navigering har nærmast blitt ein leik dei siste åra, seier overlege Svein Arne Hapnes i Luftambulansen.

Forsand kommune

Forsand kommune i Rogaland gjekk frå null til 87,5 prosent vegadresser i fjor haust.

Foto: Forsand kommune

Ole Tom Guse

Ordførar i Forsand, Ole Tom Guse (KrF).

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ifølgje Kartverket har om lag 105.000 nordmenn fått vegadresse i løpet av det siste året. Og best i klassen er Forsand kommune i Rogaland. Dei gjekk frå null til 87,5 prosent vegadresser i fjor haust. I vår skal dei nye gateskilta opp.

– Me har jobba mykje med dette i kommunen, og til tider har det blitt lange diskusjonar om kva namn me skal ha på vegane, fortel ordførar i Forsand kommune Ole Tom Guse.

Sjølv bur han i vegen som har blitt heitande Forsandvegen, og blei ikkje freista til å heller kalla gata opp etter seg sjølve.

– Forsandvegen held lenge for meg, seier han.

Han fortel at det er mange som har lengta etter å få namn på gatene, spesielt sidan det stundom er eit krav å skrive gateadresse til dømes når ein tingar noko på internett.

– Fleire har då skrive «Forsand er for lite til å ha gateadresse, 4110 Forsand», men nå er det slutt på dei tidene, seier ein nøgd ordførar.

Bra for naudetatane

Svein Arne Hapnes

Svein Arne Hapnes frå Luftambulansen.

Foto: Marita Sørbø / SUS

Og det er ikkje berre han som er nøgd med at gatene i Forsand nå har fått namn. I Luftambulansen har dei stundom problem med å finna fram på stader der det ikkje er gateadresse.

– For oss og dei andre naudetatane betyr det svært mykje å ha ei adresse å reisa direkte til, utan tvil, seier overlege Svein Arne Hapnes frå Luftambulansen.

Han fortel at dei før i tida var svært glade dersom dei hadde husfarge å gå etter. Fleire gatenamn har gjort jobben deira svært mykje lettare.

– Navigering har nærmast blitt ein leik dei siste ti åra, slår han fast.

Men sjølv om det har blitt betre, er det framleis mange kommunar som heng etter. Kartverket er opptekne av at desse også skal ta tak.

47 kommunar utan vegnamn

Erik Perstuen

Direktør Erik Perstuen i Kartverket vonar at kommunane som ligg dårleg an, nå set av naudsynte ressursar til omadresseringsjobben

Foto: Per Anders Bjørklund / Kartverket

Kartverket har i ei årrekkje vore pådrivar for å få innført vegadresser i heile landet. Status no er at 80 prosent av alle hus og eigedomar har vegadresse, medan resten berre har ei talrekkje med utgangspunkt i gards- og bruksnummer.

Men framleis er det 47 kommunar som står utan ei einaste vegadresse. Av desse har 28 kommunar nesten ikkje kome i gang, eller framdrifta er lita.

Direktør Erik Perstuen i Kartverket vonar at kommunane som ligg dårleg an, nå set av naudsynte ressursar til omadresseringsjobben

– Det er gledeleg å sjå at så mange er godt i gang med det viktige og samfunnsnyttige arbeidet med å innføre vegadresser. Men dette handlar ikkje minst om liv og helse, og vi er nøgde først når alle har fått vegadresse, seier han.

Sjå oversikt:

Vegadresser i Norge i 2014