– Folk kastar søppel i do og trur det er borte, seier Rudolf Svensen, avdelingsdirektør for naturhistorisk avdeling ved Stavanger Museum.
Han dykkar og tek undervassbilete av søppelet som ligg rundt på havbotnen.
– Det er bind, tampongar og alt mogleg, seier Svensen.
Ein fiberklut heng fast på ei kråkebolle.
Foto: RUDOLF SVENSENFisk på bind som ligg på havbotnen.
Foto: RUDOLF SVENSENFiberklutar og avføring på havbotnen ved Forsand.
Foto: Rudolf SvensenFiberklut på havbotnen ved Hundvåg i Stavanger
Foto: RUDOLF SVENSENPå Jæren driv ein klasse på Bryne vidaregåande skule ei kartlegging av den marine forsøplinga der.
Mellom anna gjennom å plukke. Og elevane treng ikkje leite lenge.
Majlene Hosseyni Gudmundsen, Maren Marie Bruun Christensen-Dreyer og Erika-Elena Iuciuc har funne mykje søppel langs kysten ved Jæren.
Foto: Arild Eskeland / NRK– I løpet av éin time med rydding fekk vi samla 20 kilo søppel, seier Maren Marie Bruun Christensen-Dreyer.
Saman med klassen har ho funne ut kvar utfordringa kjem frå.
Noko av søppelet. Mykje av dette er våtserviettar.
Foto: Arild Eskeland / NRK– Våtserviettane er ei kjelde til mikroplast, og det tek veldig lang tid før det blir brote ned, seier Mari Mo Osterheider, fagsjef i Hold Norge Rent.
Mari Mo Osterheider, fagsjef for førebygging og opprydding i Hold Norge Rent.
Foto: Kristin Olsen / NRKDet er ikkje berre på Jæren problemet med våtserviettar i sjøen dukkar opp.
– Det er eit problem i heile landet der det blir sleppt kloakk ut i havet, seier Osterheider.
Halvparten kastar våtserviettar i do
Ho fortel at halvparten av dei spurde i ei Hold Norge Rent-undersøking innrømde å ha kasta våtserviettar i toalettet.
– Det største problemet er at dei tettar røyra i reinseanlegga og fører til at alt mogleg rart blir skylt rett ut i havet. Enkelte plassar går det rett ut i vatnet utan at det blir reinsa først, seier Osterheider.
Løysinga er enkel, meiner Osterheider.
– La vere å kaste søppel i do.
Rudolf Svensen, dykkar og avdelingsdirektør for naturhistorisk avdeling ved Stavanger Museum.
Foto: Marte Skodje / NRKIfølgje Svensen ved Stavanger Museum er det eit problem når dyr et hygieneartiklane vi kastar i do. Det får store konsekvensar.
– Dei vil fylle opp magen med plast som dei ikkje klarer å bryte ned, og døy, seier han.
Han håpar det kan bli betre i framtida, sjølv om det kan ta tid.
– Må jobbe med haldningar
Jo nærare ein kjem Jærens kloakkanlegg, jo fleire våtserviettar finn ein, viser resultata for plastprosjektet ved Bryne vidaregåande.
Målet til elevane er ikkje å forby våtserviettar.
– Eg var ikkje klar over problemet før eg såg det sjølv, og eg trur funna våre viser at andre heller ikkje veit om det, seier Majlene Hosseyni Gudmundsen.
Prosjektet til elevane har til no bode på ryddeaksjonar, besøk i lokale barnehagar, møte med politikarar og vatn-, avløps- og renovasjonsselskapet Ivar.
Vil ikkje tilbake og plukke meir
På eit møte med ordføraren i Hå kommune, Jonas Skrettingland, fekk dei høvet til å be om løysingar på utfordringa med forsøpling.
Ordførar i Hå kommune, Jonas Skrettingland (KrF).
Foto: Thomas Ystrøm / NRKHåpet var pengar til ryddeaksjonar og haldningskampanjar.
– Vi må jobbe med haldningane til folk, seier Skrettingland.
Haldningskampanjar i sosiale medium er noko han ser for seg som eit bidrag.
– Det viktigaste er å jobbe med å hindre at hygieneartiklar hamnar i sjøen, seier Skrettingland.
Majlene Hosseyni Gudmundsen ønskjer å spreie bodskapen til dei rundt seg for å bevisstgjere dei.
– Vi må få folk til å slutte å hive det i do. Då slepp vi å komme tilbake og plukke det opp igjen, seier ho.
Lærer på Bryne vidaregåande skule, Åsmund Singstad, er imponert over arbeidet til elevane.
Foto: Arild Eskeland / NRK