Hopp til innhold

Vart ufør etter treig hjerneslag-behandling

Hadde Lin Iren Giske Andersen fått hjerneslag i dag, hadde ho truleg aldri vorte ufør. Stavanger universitetssjukehus har nemleg vorte raskast i landet på behandling. No skal resten av landet lære.

Lin Iren Giske Andersen

Lin Iren Giske Andersen vart ramma av hjerneslag for seks år sidan. No er ho glad for at norske sjukehus skal jobbe for å få ned behandlingstida for hjerneslag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg fekk ikkje behandling fort nok, så i dag er eg ufør.

Lin Iren Giske Andersen har ingen synlege skader etter det som skjedde med henne for seks år sidan. Sommaren 2013, då Lin Iren var 42 år gammal, vart ho ramma av hjerneslag.

– Eg har kognitive skadar. Eg blir veldig fort sliten, toler ikkje så mykje lydar, minnet er skadd, og eg toler ikkje stress.

Giske Andersen trur fleire av desse skadane kunne ha vore forhindra, hadde ho berre vorte behandla raskt nok den gongen då ho kom til Stavanger universitetssjukehus (SUS).

– Eg kom tidsnok inn på akutten, men signala vart ikkje fanga opp eller tolka riktig. Dei trudde det var eit migreneanfall. Det fekk konsekvensar.

Dette hadde truleg ikkje skjedd i dag. SUS har nemleg den raskaste behandlingstida i landet. Det tar cirka 13 minutt frå du kjem til sjukehuset til du får trombolysebehandling.

Treningssenter for hjerneslag

No skal SUS spreie kunnskapen sin til resten av landet. Sjukehuset skal opprette eit evnesenter der dei tilsette kan trene for å bli endå betre. Erfaringane herfrå skal delast med andre sjukehus. Inge Steensland stiftelse har gitt 2,5 millionar kroner til prosjektet.

– Det at dei øver så mykje har enorm betydning, og vi ser at dette har gitt resultat, seier Giske Andersen.

– Ein, to, tre, løft!

Det går unna når legane og sjukepleiarane på SUS skal utføre såkalla trombolyse for å løyse opp proppen i hjernen til helseminister Bent Høie (H). Kvart minutt tel når det gjeld hjerneslag.

Bent Høie

Tysdag fekk Bent Høie sjølv teste kvifor Stavanger universitetssjukehus er landets raskaste på behandling av hjerneslag.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det er sjølvsagt berre på liksom. Statsråden skulle nemleg sjølv få teste kvifor SUS er best i verda på dette, og har nettopp vorte køyrt i ambulanse frå flyplassen.

– Vi ønsker at andre sjukehus lærer av dette og bruker dei same metodane på å trene og øve, sånn at dei blir like flinke, seier Høie, når han får samla seg etter øvinga.

Store nasjonale forskjellar

Det er store forskjellar mellom sjukehusa i landet når det gjeld behandlingstid. På Vesterålen sjukehus var i fjor mediantida 69 minutt frå du kjem til du får trombolysebehandling – det er fem gonger lengre tid enn i Stavanger.

– I dag er det nærast postadressa di som avgjer kva utfallet av hjerneslaget skal bli, seier generalsekretær i LHL Hjerneslag, Tommy Skar, som her presiserer at han snakkar om heile behandlingsforløpet.

Tommy Skar

Tommy Skar, generalsekretær i LHL Hjerneslag.

Foto: Anders Bergersen / Anders Bergersen

– Det er mange som bør sjå på kva dei har gjort i Stavanger når det gjeld hjerneslag-behandling, seier han.

– Pårørande og pasientar har eit ansvar

Helseminister Høie erkjenner at forskjellane er for store.

– Det er òg ein av grunnane til at vi har innført pakkeforløp for hjerneslag, nettopp for å prøve å få sjukehusa til å bli endå likare i den akutte behandlinga.

Men helseministeren legg til at dette ikkje berre er sjukehusa sitt ansvar.

– Det er dessverre pasientane og dei pårørande sjølv som er hovudforklaringa på forseinkinga. Det er derfor veldig viktig at folk lærer seg symptoma på hjerneslag. Ikkje vent eller ring fastlegen, ring 113 viss du har symptom på hjerneslag, seier Høie.