NRK Meny
Normal

Varslar mykje regn og skredfare

Grunna mykje regn og snøsmelting har NVE sendt ut varsling om jord- og flaumskredfare på Vestlandet.

regn

Det blir ei mild og blaut førjulstid.

Foto: NRK

Sundag blei det sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare for Vestlandet, grunna mykje regn og snøsmelting.

Det er venta kraftig nedbør frå natt til sundag og dei komande dagane. Mildvêr gjer at nedbøren vil fella som regn også i høgfjellet. Vedvarande nedbør den siste veka har gjort at grunnvasstanden og vassmetninga i bakken er høg.

Bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. NVE anbefaler folk å reinsa dreneringsvegar og stikkrenner.