Hopp til innhold

Varslar ekstremt mykje regn i sør

Det kan koma så mykje som 100 millimeter nedbør i dag og i natt, varslar meteorologane. Dei har sendt ut flaumvarsel for Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark.

Regn

Førre veke falt det 32 millimeter nedbør på ein time her i Stavanger. Denne gongen går byen klar for det kraftige regnet som er venta.

Foto: Ståle Frafjord

– Det er varsla mykje nedbør i dag, måndag, og tysdag, skriv Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), på nettsidene sine.

100 millimeter

Det er venta at vassføringa vil auke raskt i enkelte vassdrag. Lokalt mykje nedbør og kraftige byger kan medføra overfløyming, og tettbygde strøk vil vera spesielt utsett.

– Hovudtyngd av regnveret blir i Agderfylka. Kor mykje det er snakk om sprikar veldig, men alle er samde om at det blir mykje regn, seier statsmeteorolog på vêrvarslinga på Vestlandet, Karsten Eitrheim.

Han seier at det kan koma opp i 100 millimeter nedbør på 24 timar, og at det derfor vil bli sendt ut ekstremvêrvarsel.

Ekstremvêret som er varsla har fått nemnet «Frida».

NVE skriv også at mykje vatn i bakken, kombinert med intens nedbør, gjer auka risiko for jordskred. Dette gjeld spesielt i terreng med bratte skråningar, og langs elver og bekker med stor vassføring.

– Stavanger går fri

I Rogaland er det i grenseområda til Vest-Agder det meste regnet vil koma.

– Slik det ser ut nå vil Jæren og Stavanger gå fri for det verste, seier Eitrheim.