Varetektsfengsla for drapsforsøk
Kvinna som er sikta for drapsforsøk i Aksdal i Tysvær laurdag er varetektsfengsla i fire veker, melder politiet i ei pressemelding. To av vekene er med full isolasjon.
Bakgrunnen for varetektsfengslinga er at politiet fryktar bevis skal bli øydelagde. Retten har sagt seg einig i dette.
– Både sikta og fornærma er avhøyrd, i tillegg til fleire vitne. Politiet held fram arbeidet med å avhøyre fleire vitne, skriv politiadvokat Kristin Aasberg Ueland.
Politiet ynskjer ikkje sei noko om kva som er kome fram i avhøyra.
Den sikta kvinna skal vere i 40-åra og den fornærma ein mann i 50-åra. Den skadde mannen var medviten då han vart teken til sjukehus med helikopter og tilstanden skal ha vore stabil og utanfor livstrugande fare.