Hopp til innhold

Så raskt blir han fråstolen rullebrettet

Her ser Aleksander Gamme vekk frå rullebrettet sitt eit lite sekund. Det er nok til at den lynkjappe tjuven får fatt i det. Heldigvis blei han fanga på film.

På stranda i Ibiza blei Aleksander Gamme fråstolen rullebrettet sitt medan kameraet gjekk.

FAMILIEFRYD: I denne bortklipte scenen frå FamilieFryd blir Aleksander Gamme fråstolen rullebrettet sitt på nærmast usynleg vis.

Det var under innspelinga av dokumentarserien FamilieFryd at Aleksander Gamme skulle ut å trilla dottera Vilja på strandpromenaden på Ibiza. Då han sette frå seg rullebrettet og vogna kikka han vekk eit lite sekund, så var brettet vekke.

Tjuven, eller tjuvane, hadde jobba raskt, og nærmast heilt usynleg.

– Shit, altså!

Brettet blei sparka ned på stranda av ein reinhaldsarbeidar. Nede på stranda kom ein annan reinhaldsarbeidar og tok brettet med seg.

Ein fortvila Gamme stod att på promenaden og sakna brettet sitt.

– Det brettet der får du ikkje kjøpt kor som helst, og det tek ein månad å køyra inn truckane. Shit, altså!

Detektivarbeid

Men sidan NRK sin fotograf var hadde filma medan det heile skjedde, var det mogleg å setja i gang litt detektivarbeid. Fotograf Tom Edvindsen og Aleksander Gamme gjekk nøye gjennom råstoffet, og fann til slutt eit bilete av reinhaldsarbeidaren, som dei meinte hadde teke.

Aleksander Gamme såg vekk frå rullebrettet sitt eit lite sekund. Det var nok til at det forsvann. Heldigvis blei tjuven fanga på film.

AVSLØRT: Dette klippet gjorde at rullebrett-mysteriet blei oppklart.

Gamme tok bilete med seg på stranda og viste det fram til folk og spurde om det var noko som kjende mannen på bilete.

Det viste det seg at det var nokon som gjorde.

Dermed kom han i kontakt med mannen, betalte han ei lita «finnarløn», og fekk brettet sitt tilbake. Ein lukkeleg slutt der altså.

Cecilie Skog og Aleksander Gamme er begge kjent for sine ekstreme og eventyrlige liv - med turer til jordens poler og verdens høyeste fjelltopper. Nå skal de gjennom to store forandringer i livet. Cecilie og Aleksander skal bli sjøfarere og småbarnsforeldre.

FamilieFryd er tittelen på dokumentarserien om Cecilie Skog og Aleksander Gamme. Her kan du sjå teaseren for programmet.