Visste ikkje at han køyrde på mannen som blei drepen på Soma

Mannen som er sikta for å ha køyrd på 23-åringen som blei drepen i eit kryss på Soma laurdag morgon, seier han ikkje var klar over at nokon blei påkøyrd.

Her ble 23-åringen funnet død

Her blei 23-åringen funnen død laurdag morgon. Mannen som er sikta i saka forklarte tysdag at han ikkje var klar over at han var involvert i ulukka.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Mannen som har heimeadresse utanfor Sandnes, blei avhøyrd tysdag.

I avhøyret forklarte mannen at han først blei kjent med dødsfallet då han las om saka i media måndag kveld.

– Mannen sa at han hadde vore i utlandet sidan tidleg laurdag morgon, og at han kom heim seint måndag kveld. Han forklarte at han ikkje var klar over at han var involvert i ei ulukke, seier politiadvokat Cecilie Steen.

Melde seg sjølv til politiet

Den var laurdag morgon Kees Erik Kroken Mijnders (23) blei påkøyrd i krysset Bærheimsveien/Sandnesveien på Soma i Sandnes.

Mannen som nå har status som sikta i saka melde seg sjølv til politiet fordi han fekk vita at dei ville snakka med alle som hadde køyrd på strekninga på ulukkestidspunktet.

Politiet sikre på at dei har tatt rett mann

Politiet er rimeleg sikre på at dei har tatt rett mann.

– Det er gjort funn på bilen som tyder på at den høgst sannsynleg var direkte involvert i ulukka, seier Steen.

Politiet vil førebels ikkje gå inn på kva mannen har forklart på spørsmål om funna som knyter han opp mot ulukka.

Politiet har ingen mistanke om at påkøyringa skjedde med overlegg og seier det sannsynlegvis dreier seg om ei ulukke.