Hopp til innhold

Var i skilsmisse – sikta for drapsforsøk på kona

SANDNES (NRK): Ein mann i 60-åra vedgår ikkje straffskuld for å ha forsøkt å drepe ei kvinne i 30-åra. Dei to er gifte, men i ferd med å skilje seg, ifølge politiet.

Voldshendelse i Sandnes

DRAPSFORSØK: Politiet sperra av åstaden på Austrått i Sandnes tysdag.

Foto: Ali Akhtar / NRK

Då politiet kom til einebustaden på Austrått i Sandnes tysdag fann dei ei kvinne og ein mann. Kvinna var skadd, men ikkje livstrugande. Ho vart send til sjukehus.

– Vi kan ikkje seie nøyaktig kva den sikta har forklart, men han knyter seg til åstaden, seier påtaleansvarleg Christine Kleppa.

Politiet arbeider no for å få oversikt over kva som skjedde.

I ferd med å bli skilde

– Vi avhøyrer vitne og dei involverte. Det vil kunne gi oss meir informasjon, seier Kleppa.

Den sikta mannen blei avhøyrd tysdag kveld. Han vedgår ikkje straffskuld. Mannen har også blitt avhøyrd i dag.

– Han har gitt ei forklaring på kva som har skjedd inne i bustaden. Han er veldig klar på at det ikkje er eit drapsforsøk, men at det er snakk om ei ulykke, seier mannes forsvarer, Vegard Bråstein.

Mannen og kvinna er gift, men er i ein skilsmisseprosess, opplyser Kleppa. Dei har ikkje budd saman den siste tida.

Påtaleansvarleg Christine Kleppa fortel til NRK at ytterdøra var låst, då politiet kom til bustaden.

– Meldinga til politiet var av ein slik karakter at me ikkje kunne vente på at nokon opna.

Dermed måtte dei bryte opp ytterdøra. Kleppa utdjupar at det var ein enkel pågriping, utan noko dramatikk.

Vil be om fengsling

Kvinna ligg enno på sjukehus, men er i ein slik tilstand at ho kan avhøyrast.

– Situasjonen hennar var aldri kritisk. Men ho hadde skotskadar, så det seier seg sjølve at det var alvorleg, seier Kleppa.

Politiet kjem til å gjennomføre avhøyr med henne onsdag.

Ifølge mannens forsvarer, Vegard Bråstein, vil politiet krevja den sikta fengsla fredag.