Hopp til innhold

Vamp utan vokalist

Vokalist Vidar Johnsen er ferdig i Vamp Årets spellemenn står dermed utan frontfigur. Øyvind Staveland seier det var Johnsen sjølv som sa opp i haust.

 

Øyvind Staveland og Vidar Johnsen i Vamp
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Øyvind Staveland går nå ut med det han seier er sanninga. 

- Visst har me snakka saman, seier Staveland.  Men Vidar Johnsen har nå i lang tid marknadsført i Haugesund sine medier at han ikkje har høyrt noko frå oss. 

- Me må forholda oss til at han sjølv har sagt opp i ein e-post til oss i haust, seier Staveland.

Sa opp sjølv

Vidar Johnsen, Vamp-vokalist sidan 1999, stadfestar til Haugesunds Avis at han sendte den e-posten i slutten av oktober.

– Men det var meir i fortvilelse over ikkje å få snakka med folk i Vamp på ein skikkeleg måte.  Eg rekna med at dei forsto det og at det ikkje var ein ordentlig oppseiing, seier han og legg til at han ikkje har fått snakka skikkeleg med nokre andre i gruppa sidan då.

Staveland sitt svar

- Om han har angra seg i ettertid, så kan ikkje me ta omsyn til det, seier Øyvind Staveland i dag.  Me må forhalde oss til at det var umogeleg å samarbeida, at Johnsen ville prioritera ei solokarriere og at han gav uttrykk for  misnøye med situasjonen i Vamp.

Står utan ny vokalist

- Det viktigaste nå er å skriva gode nye låtar, seier Staveland.  Men han avviser at dei har ein ny vokalist klar.

- Me har ikkje snakka med den tidlegare vokalisten, Jan Ingvar Toft, avsluttar Staveland.

 

 

.