Valon Berisha kasta glans over EIK-festen

Landslagsaktuelle Valon Berisha dukka opp på Bislett stadion då EIK slo Lyn 1–0 i dag.

Berisha på EIK-kamp

GJENSYN: Valon Berisha omringa av EIK-supporterar på EIK sin bortekamp mot Lyn laurdag.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Dei gule og svarte frå Egersund vann kampen både på tribunen og banen i sommarvarmen i Oslo i dag.

Stian Vigrestad blei matchvinnar for EIK med sin 1-0-skåring 61 minutt ut i kampen.

Om lag 200 EIK-supporterar hadde tatt turen til hovudstaden for å få med seg 2. divisjonsoppgjeret mellom Lyn og EIK.

Og av dei drygt 700 tilskodarane på stadion var det EIK-gjengen som gav mest lyd frå seg.

– Kjekt å vera her

På tribunen var også egersundaren Valon Berisha. Den gamle EIK-helten er i Oslo på landslagssamling i samband med dei to privatlandslagskampane mot Frankrike og Russland denne månaden.

– Det er kjekt og vera her og atmosfæren er bra, seier Berisha til NRK.

Midtbanespelaren har nyleg avslutta ein gullkanta sesong der laget hans Salzburg blei dobbeltmeister i Austerrike. I tillegg til å vinna serien overlegent, vann dei også cupen.

– Korleis er forma?

– Forma er grei. Det har vore ein lang sesong og eg begynner å bli sliten. Men eg får halda meg oppe ei veke til og heller ta fri etterpå.

(Artikkelen held fram under bilde).

EIK-supportarar på Bislett

Om lag 200 EIK-supporterar hadde tatt turen til Bislett i dag.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland

Mindre speletid i år

Den tidlegare EIK- og Viking-spelaren har nå spelt to sesongar i den austerrikske toppdivisjonen. Storebror Berisha seier han har funne seg godt til rette.

– Eg har fått litt venner utanom fotballen òg, så det er bra.

Første sesong spelte han veldig mykje. I år har det ikkje blitt like mykje speletid.

– Eg vil jo gjerne spela alt. Men det vil alltid vera vanskelege periodar. Det er berre til å komma seg på rett kjøl igjen og få kampar igjen, seier han diplomatisk.

– Korleis er det å vera på landslagssamling?

Eg set pris på å bli tatt ut til A-landslaget. Eg får gjera det beste ut av det når eg får sjansen.

Gjensyn med gamle lagkameratar

Det blir også gjensyn med to tidlegare Viking-kollegaer på denne landslagssamlinga for Berisha. Andrê Danielsen (Viking) og Jone Samuelsen (Odd) er nemleg også med i troppen til landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

– Kva trur du om dei to kampane?

– Både Frankrike og Russland er gode lag. Men alt kan skje, og eg trur me kan hevda oss. Me har spelt betre og betre med Høgmo som sjef og me har ein spelestil som passar oss bra, seier Berisha.

Egersundaren har også tru på EM-billett til Norge denne gongen.

– Ja, eg trur me kan komma til EM sjølv om me har ei vanskeleg gruppe.