På den siste dagen med valkamp før valet var det svært mykje folk og god stemning i Stavanger sentrum.
Klokka 12.30 var dei fleste parti på plass på Arneageren i Stavanger sentrum. Janne Johnsen (H) var med på å slå opp party-teltet til Høgre.
Miljøpartiet dei grøne laga buttons med bilete av listetopp i Rogaland Anna Kvam.
I 13-tida kom Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre med helikopter frå Haugesund.
Jan Erik Søndeland (V) gjer sitt for at flest mogleg skal få med seg eit partiprogram heim.
Mange ville ha selfie med Jonas Gahr Støre då han var på Stavanger-besøk
Kommunistpartiet på Domkirke-plassen. Runa Evensen er både partileiar og listetopp for NKP i Noreg.
Jonas Gahr Støre (Ap) brukte ein bruskasse då han skulle snakka med folk i Stavanger
Ein ungdom har fått seg ein Sp-ballong.
Ulrikke har meldt seg som frivillig til å dela ut MDG-informasjon
Ein MDG-button blir festa på ein framtidig veljar av Torfinn Ingeborgrud som sit i bystyre i Stavanger.
Mange har stoppa opp og hatt sterke meiningar om partiet Dei kristne fortel Kjell Skartveit som er nummer to på lista i Rogaland.
Høgre sin stand i Stavanger sentrum.
Aleksander Stokkebø frå Høgre er femtekandidat i Rogaland og har moglegheit til å koma inn på Stortinget. Han prøver derfor å overbevisa flest mogleg om at Høgre er det rette valet.
Bent Høie på stand i Stavanger sentrum laurdag før valet.
Ordførar i Stavanger Christine Sagen Helgø i godt drøs med KrF sine folk. Er det eit mogleg regjeringssamarbeid som blir diskutert?
Ole Kvadsheim i Raudt er svært spend på valresultatet. Han har møtt fleire på stand i dag som fortel at dei allereie har levert inn stemme-setelen for Raudt.