Valet i Forsand

 I Forsand ligg det an til at ordførar og varaordførar kan fortsetja som i dag.

Ordførar Ingeborg Søyland frå Senterpartiet har bak seg flest stemmer i denne perioden. Varaordførar Arne Maudal og Høgre fekk nestmest stemmer og begge stiller som toppkandidatar igjen.

Aktuelle kandidatar

  • I tillegg til Ingeborg Søyland (Sp) og Arne Maudal (H) så fortset også Ole Tom Guse, som toppkandidat for KrF.
  • Frp og Ap har skifta ut sine toppfolk frå sist periode. Der stiller Inge Håvard Aarskog (Frp) og Tove Nedrehagen (Ap). Begge desse har også politisk erfaring frå inneverande periode.
  • Ut over det, så har Samlingslista gitt opp og stiller ikkje ny liste i år. 

Aktuelle saker

Den skal leita godt som skal finna store politiske skillelinjer i Forsand. Plassering av eit nytt kommunalt byggefelt kan det bli uenighet om. Tilknytning til nord-Jæren gjennom eigen tunnell til Frafjord, eller full satsing på Ryfast, kan også vera eit stridsområde.

Tilknytning til nabokommunen Strand har vore aktuelt lenge, men nå ligg det på is.

Valstatistikk

Val-91: Ap-3, Sp-6, KrF-5, Samlingslista-2, H-1,

Val-95: Ap-2, Sp-6, KrF-5, Samlingslista-2, H-2, (men ein blei uavhengig)

Val-99: Ap-3, Sp-4, KrF-4, Samlingslista-3, H-3,

Val-03: Ap-3, Sp-4, KrF-3, Samlingslista-2, H-3, Frp-2