Hopp til innhold

Valdtektssikta blir sett fri om kort tid

Politiet meiner det ikkje er grunnlag for å be om varetektsfengsling av dei to mennene som er sikta for valdtekt av ei kvinne på Storhaug i Stavanger.

Austre bydel, Stavanger

– Det er ikkje fare for at bevis skal gå tapt og me vurderer det slik at det ikkje er grunnlag for å be om varetektsfengsling, seier politiadvokat Fredrik Soma, til NRK.

To menn, den eine i 30-åra og den andre i 50-åra, blei i går arresterte i ein leilegheit og sikta for valdtekt av ei kvinne i 40-åra.

Det var kvinna sjølv som melde frå til politiet om at ho var blitt valdteken. Den melde valdtekta skjedde innandørs i ein leilegheit på Storhaug i samband med eit nachspiel natt til tysdag.

– Dei sikta blei avhøyrde i dag, i tillegg til vitne. Det er også gjort undersøkingar i leilegheita. Kvinna blei avhøyrd i går og det blir tatt nye avhøyr av henne seinare, seier Soma.

Siktinga mot dei to mennene står ved lag og dei er framleis i politiarresten.

– Men dei blir sett fri om kort tid, opplyser Soma.

Både kvinna og dei to sikta mennene er norske statsborgarar med utanlandsk opphav.

Kvinna blei i går undersøkt ved valdtektsmottaket ved Stavanger universitetssjukehus.