Hopp til innhold

Vågde ikkje tenkja på billettsalet

Morten Abel er i kjempehumør i dag. Billettsalet for Mods sin sommarkonsert er langt høgare enn rekna med.

Video Morten Abel i studio

Morten Abel i studio

Etter ein dags sal til stadionkonserten med gruppa Mods, er halvparten av billettane selde ut. Kapasiteten den 9. juni på Viking stadion er på 26 000 publikummarar. 13 000 har alt sikra seg inngang til 80-talsfavoritten i Rogaland.

– Eg er litt sjokkerte, eller eigenleg er eg veldig sjokkerte. Det må eg vedgå, seier Morten Abel, som var frontmann og låtskrivar i Mods-tida.

– Eg har prøvd å ikkje tenkja på billettsalet, og heller konsentrera meg om korleis me skulle kunne gjennomføra ein bra konsert. Men det har vore ein veldig spennande dag, vedgår Abel.

Les også: Mods på Viking stadion

Eit godt tilbod

Abel fortel at dei fekk eit tilbod, som verka seriøst. Viking var med på det og han vurderte det som "eit skikkeleg opplegg".

– Få hadde sagt nei til ein konsert i det formatet, seier han.

Mods

Gruppa Mods på pressekonferanse

Foto: John Gunnar Skien / NRK

– Korleis har du opplevd den kraftige kritikken mot at det er Mods som skal stå for den store stadionkonserten dette året?

– Eg opplever det som sunnt at denne diskusjonen har kome. Og uansett ser eg ikkje at det er Mods som står i vegen for at ikkje verdsgruppene kjem til Stavanger denne sommaren.

Ny plate på gang

Til hausten er Abel klar med ei ny plate med ny popmusikk. Han oppnådde salshall på både 100 og 200 000 album på 90-talet. Nå er det nokre år sidan og han gler seg til å koma ut med noko nytt.

– Eg nyt den prosessen eg er inne i nå, med å skriva og spela inn melodiane, seier Abel. Marknadsføringa og turneringa etterpå er ikkje like lystprega, men det ser eg faktisk også fram til, avsluttar Abel.