Hopp til innhold

Væpnar politiet etter auka terrortrugsel

Frå i dag vil politiets innsatspersonell i Rogaland bera våpen. Årsaka er auka terrortrugsel mot forsvar og politi.

Frå i dag er innsatspersonellet i politiet væpna.

I dag tidleg var politiet væpna på Domkirkeplassen i Stavanger.

– Meldinga kom i løpet av gårsdagen, og me vart væpna klokka åtte i dag tidleg, seier Einar Johannesen, innsatsleiar ved Stavanger politistasjon.

Han står på Domkirkeplassen i Stavanger. Og har ein pistol på hofta.

Politidirektøren har avgjorde at innsatspersonell skal væpnast med pistol. Og frå i dag klokka 08 og fram til 19. desember, vil politiets innsatspersonell i Rogaland politidistrikt bera våpen.

– Det er spesielt. Eg skulle gjerne ha vore det forutan. Men me lev i ei verd i endring og me må reagera på det som skjer ute, for det påverkar oss også her heime, seier Johannesen.

Einar Johannessen

Einar Johannesen er innsatsleiar i politiet i Stavanger.

Foto: Odd Runde Kyllingstad / NRK

Bakgrunnen er auka trugselnivå mot forsvar og politi. Sjølv kjenner han seg ikkje utrygg.

– Nei, eg gjer ikkje det. Men me har fått beskjed om å vera ekstra skjerpa, og det kan bli aktuelt med fleire tiltak, seier Johannesen.

Auka terrortrugsel

– Politidirektoratet har bedt Justisdepartementet om samtykke til å væpne norsk politi, og det har departementet nå avgjorde å gjera, fortel politimeister i Rogaland, Hans Vik.

I ei hemmeleg orientering PST har gitt regjeringa, kjem det fram at det er mellom 60 og 90 prosents risiko for at Norge vil bli utsett for eit islamistisk terrorangrep i løpet av det neste året, skriv Dagbladet.

Hans Vik

Hans Vik er politimeister i Rogaland politidistrikt.

Foto: NRK

– Dette er eit tryggingstiltak som er knytt opp mot den konkrete trugselvurderinga frå PST, der forsvar og politi blir peika ut som moglege terrormål. Det er ikkje ein del av diskusjonen om ein generell væpning av politiet, seier Vik.

Støtte hos fagforbundet

Politiets Fellesforbund i Rogaland stiller seg bak avgjersla om å væpne politiet.

– Eg stoler på at dei vurderinga som ligg i botn er gode, og støtter avgjersla, seier Erlend Bjørnestad, leiar Politiets Fellesforbund Rogaland.

Erlend Bjørnestad

Erlend Bjørnestad er leiar i Politiets Fellesforbund i Rogaland.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Han har sjølv mykje erfaring med å bera våpen.

– Det er fort gjort å bli van med det, men du må oppføre deg på ein litt annan måte, også ovanfor publikum som gjerne ikkje er van med å sjå politi med våpen, seier Bjørnestad.

– Skummelt

Folk på Domkirkeplassen i Stavanger har delte meiningar om at politiet nå skal bera våpen.

– Meir terror enn trugselen sjølv, seier ein forbipasserande.

– Det er skummelt. Ting endrar seg i Norge og. Men me må vel berre læra oss å leva med det, seier ein annan.

Kjenner du deg tryggara når politiet ber våpen?

– Tryggare i den forstand at dei har større moglegheit til å forsvare oss. Men meir utrygg fordi det betyr at det faktisk er ein trussel.