NRK Meny

Væpna aksjon på Randaberg

Væpna politi leiter etter fleire personar som skal ha teke seg inn i ei leilegheit i Randaberg klokka åtte i dag tidleg. Personane skal ha hatt både kniv og hammer. Mannen som budde på adressa er lettare skadd. Alle involverte skal vera kjenningar av politiet.