NRK Meny

Væpna aksjon på Byhaugen

  • Arrestert med peparspray

    Ein mann blei arrestert i ein væpna politiaksjon på Byhaugen i Stavanger i dag. Mannen var involvert i ein valdsepisode i natt. Politiet rykka ut til Byhaugen klokka 12.00, og først 14.00 vart mannen arrestert. Då hadde mannen nekta å samarbeida, og politiet måtte bruka peparspray for å få han ut.

  • Væpna politi på Byhaugen

    Væpna politi har rykka ut til ein adresse på Byhaugen i Stavanger, det skriv Stavanger Aftenblad. Mannen som er årsaka til at politiet har rykka ut, er ein kjenning av politiet. Det skal vera fleire personar i bustaden der politiet aksjonerer.