NRK Meny

Væpna aksjon i Randaberg

  • KONTROLL PÅ VÆPNA MANN:

    Politiet har fått kontroll på mannen som var væpna med kniv på Harestad i Randaberg i kveld. – Det var ingen dramatikk under pågripinga, seier operasjonsleiar i politiet, Kurt Løklingholm. Meldinga om mannen kom klokka 18.25.

  • VÆPNA POLITI TIL RANDABERG:

    Væpna politi har rykka ut til Harestad i Randaberg etter at dei fekk melding om ein person som har væpna seg med kniv. – Det er ikkje fare for andre personar slik situasjonen er no, men me vil prøva å få kontroll over vedkomande så fort som mogleg, seier operasjonsleiar i politiet, Kurt Løklingholm.