– Me fekk telefonar i åttetida søndag morgon, frå to ulike meldarar, som begge var tilfeldig forbipasserande. Den eine fortalde at han prøvde å få liv i ein person som låg i sjøen, fortel operasjonssjef Brit Randulff ved Sør-Vest politidistrikt.
Det var naboar i område som hadde høyrd rop om hjelp og som melde frå. Redningsmannskap blei varsla, og då dei kom fram var den eldre mannen henta opp av sjøen, og den eine av meldarane var i god gang med å gi hjarte og lungeredning.
Melding om at ein eldre mann var funnen i sjøen ved Smedasundet, kom i åttetida søndag morgon.
Foto: Haugesund FotoAmbulansepersonell overtok opplivingsarbeidet og fekk frakta mannen til sjukehus med ambulanse. Deretter blei han frakta med helikopter til Haukeland sjukehus i Bergen.
- Les også:
– Der går ennå gjenopplivingsforsøket føre seg, og det siste eg høyrde var at mannen ennå var bevisstlaus, seier Randulff i 0930-tida, søndag føremiddag.
Truleg ikkje noko kriminelt
Politiet veit ikkje korleis mannen har enda i sjøen. Dei er søndag føremiddag på plass ved Smedasundet, like nord for brua over til Hasseløy, (Bakarøynå), og snakkar med vitne.
– Det er ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd, understrekar operasjonssjef Randulff.
- Les også: