Hopp til innhold

Her hindrar vinden flyet frå å landa

Kraftig vind i Rogaland førte til at fleire fly sleit med å landa på dei to flyplassane i fylket. Uvêret har også fått store konsekvensar for ferjetrafikken.

Fleire fly greidde ikkje å landa på Stavanger lufthamn Sola grunna den kraftige vinden. Foto: Terje Meling.

Her må flyet gi opp å landa på Stavanger lufthamn Sola. Video: Terje Meling.

– Vinden kjem frå sørvest, og det er eigentleg ikkje eit problem, men i periodar er vindkasta svært kraftige. Difor har fleire fly blitt innstilte, og det er ikkje vanleg, seier lufthamndirektør på Stavanger lufthavn Sola, Leif Anker Lorentzen.

Så langt er det fire fly som ikkje har landa på flyplassen. Det var fly med avgangar frå Oslo, Bergen, Trondheim og Barcelona. I tillegg har det vore mindre forseinkingar.

– Me held flyselskapa oppdaterte på situasjonen. Det vil vera periodar utover dagen der fly ikkje vil kunne landa. Kapteinane tek avgjersla om dei vil landa eller om dei vil dra til ein annan flyplass, seier Lorentzen.

Måtte stenga flyplassen

Haugesund lufthamn Karmøy var i dag stengd i fleire timar som følgje av den kraftige vinden. To flyavgangar har blitt kansellerte og fleire fly blei forsinka.

Klokka halv sju meldar lufthamnsjef Tor Lillenes at vinden har løya.

– Vinden har blitt betre. Den har løya noko og kjem frå ein gunstigare retning. Me ventar difor at alt skal gå som planlagt utover kvelden. Det siste flyet som vart påverka av vêret var eit Wizzard-fly som skulle ha landa for eit par timar sidan, dei reiste vidare til Sola i staden for, seier Lillenes.

Buss for fly frå Haugesund

Men for nokre av dei som ikkje kom med fly i Haugesund har det blitt satt opp buss for fly.

Svend Aage Madsen skulle fly til Oslo frå Haugesund klokka 15:40 i dag, men då han kom til flyplassen fekk han beskjed om at flyet var kansellert.

– Då blei det buss til Stavanger lufthamn Sola i staden for, seier Madsen.

NRK snakkar med han når han sitt på ferja over Boknafjorden, saman med fleire andre flypassasjerar. Det er lange køar på Årsvagen ferjekai som følgje av det dårlege vêret, men bussen fekk køyra forbi køen.

Svend Aage Madsen

Svend Aage Madsen måtte ta buss for fly.

Han veit førebels ikkje når han får fly frå Sola.

– Me har jo lest at det er problem også der, så me håpar det går greit, seier Madsen, som er godt nøgd med servicen dei har fått så langt.

Må stå fleire timar i kø

Vinden får konsekvensar for trafikken fleire stadar.

  • Ferja over Boknafjorden går frå Mekjarvik i staden for Mortavika. Det er nå fleire timar med kø.
  • I ferjesambandet Stavanger-Tau er både rute 1 og rute 3 innstilt, men det blir ordinær drift i sambandet frå kl. 20.
  • Fv 383 på strekningen Haugsdal bru – Litlematre er stengd på grunn av steinras.
  • Danskebåten frå Hirtshals til Risavika er forsinka med minst ein time.
  • Farten på Fedafjorden bru er sett ned til 50 km/t som følgje av sterk vind.
  • Ferjesambandet Hjelmeland-Nesvik-Ombo vart også påverka av vêret, men frå kl. 20 er det ordinær drift i sambandet.
Folk har venta i fleire timar for å koma med ferja over Boknafjorden.

Det er fleire timar lange køar på begge sider av Boknafjorden. Her frå ferjekaia i Mekjeravik.