NRK Meny
Normal

«Bertha» herjar i Nord-fylket

Kraftig vind skaper problem i Nord-fylket. Tre båtar har slite seg. Og stenginga av Karmsund bru blir utsett.

Bertha Skudeneshavn

Restane av den tropiske orkanen 'Bertha' herjar i Nord-fylket, dette bilete er teke i Skudeneshavn i kveld.

Foto: Kjell Bua

Klokka 17:50 fekk politiet i Haugesund melding om at fortøyingar på to båtar hadde slite seg i Kopervik hamn.

Den eine båten var ein fiskebåt, medan den andre var ein sandfraktebåt.

Eigarane av båtane var ikkje til stades då det skjedde, det var folk som var i nærleiken som varsla politiet. Eigarane er på veg til staden.

Politiet og losvesen forsøker no å få festa nye fortøyninger. Det er ikkje meldt om skadar.

Litt seinare fekk politiet melding om nok ein båt som hadde slite seg, denne gongen ein båt på 11 fot. Politiet prøver å varsle eigaren.

Grunna den sterke vinden oppmodar politiet folk om å sjekke fortøyingane på båtane sine.

Kopervik

Ein sandfraktebåt sleit seg i Kopervik hamn.

Foto: KRISTIAN EIDESVIK

Stenger ikkje brua likevel

Karmsund bru skulle etter planen stengast i tre netter frå og med i natt på grunn av asfalteringsarbeid.

Men på grunn av den sterke vinden har Statens vegvesen vald å utsette arbeidet.

– Entreprenøren er redd vinden kjem til å blåse fresestøv og mindre asfaltrestar ned på husa som ligg under brua, forklarar byggeleiar Bjørn I. Andersen i Statens vegvesen.

Dei vil difor vente til det blir mindre vind. Entreprenøren kjem til å prøve igjen tysdag kveld.

Karmsund bro

Karmsund bru skulle stengast i natt, men grunna sterk vind blir det no utsett.

Foto: Google Maps