NRK Meny
Normal

Uvanleg tidleg opning av skitrekket i Sauda

Det er ikkje rekordtidleg, men ikkje langt unna. Alt i morgon startar skisesongen ved Sauda skisenter.

Skitrekket i Sauda

Dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit, kan jubla over at dei kan opne trekket i helga.

Foto: Anders Fehn / NRK

I Svandalen i Sauda har snøkanonane gått for fullt i fleire dagar. I tillegg har det kome ein god del natursnø, og det betyr sesongopning allereie før me har kome til midten av november.

– Me har fått produsert utruleg mykje snø. Det gjer at me kan opna familieheisen no i helga. Det er ikkje rekordtidleg, i 2011 greidde me å opna 26. oktober, men det er likevel veldig bra, seier dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit.

Første skisenter ut

Snøkanon

Snøkanonane går for fullt i Sauda.

Foto: Anders Fehn / NRK

Men det er ikkje berre i Sauda at det blir produsert kunstsnø om dagen. Også i Sirdal og Røldal går snøkanonane for fullt, men det er altså Sauda som er først ut med å opna trekket i år.

– Det er veldig viktig å vera tidleg ute, fordi det er ei utruleg stor interesse. Folk har kanskje litt mindre å gjera på akkurat no, så då søker dei nye ting som kjem. Når det er mørketid, så er snø og kvitt i fjellet heilt fantastisk, seier Fosstveit.

Testar forholda i bakken

Nokre har allereie tatt på seg snowboardet, og kome seg opp i bakken, for å testa forholda.

– Eg syns det er heilt utruleg, fordi det er nesten sju år sidan det var ein så tidleg sesong, seier Nora Vareberg.

– Korleis er bakken?

– Litt hardt endå, men det blir vel litt mjukare etter kvart.

Mildvêr i vente

Men sjølv om det blir ein svært tidleg sesongstart for Sauda skisenter i år, ser det ut til at det kan vera ein kortvarig tjuvstart på årets skisesong. For snart ventar mildvêr og regn.

– Eg ser jo på vêret, og eg ser at det skiftar heile vegen. Men kjem den snøen som er meld i slutten på neste veke, då ser det lyst ut, seier Fosstveit.

Sauda skisenter

Her i Sauda er det nok snø til å opna trekket i helga.

Foto: Anders Fehn / NRK