NRK Meny
Normal

Utsett åpning

Åpninga av Gladmatarrangementet i Vågen i Stavanger er utsett.  Planlagt åpning var klokka 12, men den sterke vinden gjer ei åpning uforsvarleg.

Mellom 11 og 14 er det meldt sterk kuling i Stavanger.  

Utstillarane i Gladmatarrangementet  held til i telt langs Vågen i Stavanger.

- Nå er det så sterk vind at det ikkje er forsvarleg å åpne festivalen, seier gladmatsjef Sigve Skretting.

Åpninga er utsett på ubestemt tid.  NRK Rogaland kjem tilbake med nye åpningstider på nettet og i nyhetene tre minutt over kvar time.