Hopp til innhold

Utsetjing er lovbrot, hevdar hotelleigar

Kommunen utset å behandle klage på asylvedtak i to månader. – Dette er lovbrot, hevdar hotelleigar, som fekk nei til å gjera eigedommen om til asylmottak.

Viste strandhotell, Randaberg

Striden kjerne. Skal eigaren få lov til å gjere om Viste Strandhotell til asylmottak.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

For ein månad sidan fekk eigar av Viste Strandhotell nei til å gjere om hotellet til asylmottak.

Helge Bie er eigar av Viste Strandhotell

Helge Bie er eigar av Viste Strandhotell.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Helge Bie klaga inn vedtaket frå kommunestyret i Randaberg dagen etterpå. Nå har rådmannen gitt beskjed om at den klaga først kjem opp i kommunestyret den 12. mai.

– Dette er eit brot på plan- og byggelova, seier Bie.

Konkurrentane stormar fram

Samstundes med at klagebehandlinga er utsett til kommunestyret sitt møte den 12. mai, så er konkurrentane i fullt i arbeid ein annan stad i kommunen.

Akuttmottaket for barnevernsbarn på Randabergfjellet

Det tidlegare militærområdet og akuttmottaket for barnevernsbarn på Randabergfjellet er aktuelt som asylmottak i Randaberg.

Foto: Erik Waage / NRK

Kommunen eig eit nedlagt militærområde på Randabergfjellet. Der er det ein større bygningsmasse og der har tre private asylmottak-aktørar meldt si interesse.

Det er Abri, selskapet til Alfred Ydstebø. Det er Hero, Norges største mottaksselskap og det er Nour Safe.

Desse har frist til 18. mars for å seie om dei er interesserte i å oppretta mottak på Randabergfjellet.

Vil ha skikkeleg saksbehandling

Rådmann Magne Fjell i Randaberg forsvarar innstillinga si i denne saka.

– Klagebehandlinga er utsett for at kommunestyret skal få eit betre avgjerdsgrunnlag, seier han.

Innan 12. mai så vil truleg saka om mottak på Randabergfjellet vera avklart, og då veit politikarane kva dei har å gå ut frå. Då kan dei også vurdere om dei vil ha fleire mottak i kommunen, meiner Fjell.

Klaga kjem til å gå vidare

Helge Bie er overraska over at klagesaka hans er utsett frå møtet den 15. mars og til den 12. mai. Han varslar også at han kjem til å gå vidare med klaga, dersom ikkje saka kjem opp tidlegare.

Advarsel på døra til Viste strandhotell

Reaksjonane mot asylmottak på Viste Strandhotell kom også i form av plakatar.

Foto: Per Thime

– Me opplever at rådmannen si grunngjeving for å utsetje saka ikkje er i samsvar med plan- og byggelova, understrekar Helge Bie.

Han understrekar at hans sak er ei separat sak etter plan og byggelova. Han har søkt om ein mellombels dispensasjon til eit anna bruk enn hotelldrift.

– Det held me oss til og det må kommunen også gjera. Viss ikkje må me ty til andre tiltak, avsluttar Bie.