Hopp til innhold

Utset saka om brannvesensamarbeid

86 brannfolk i Karmøy demonstrerte måndag kveld mot planane om eit felles brannkorps-samarbeid på Haugalandet. Politikarane svarte med å utsetje saka.

Demotog Karmøy

86 brannfolk demonstrerer i Karmøy måndag kveld.

Foto: Thomas Halleland

Dårlegare og dyrare branntryggleik. Det fryktar brannmannskap i Karmøy dersom kommunen går inn i eit interkommunalt brannvesensamarbeid (IKS) med nabokommunane Haugesund, Bokn, Etne, Suldal, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Utsira.

– Me ser at ordninga blir dårlegare for Karmøy sine innbyggarar med eit IKS. Det blir lenger responstid, det blir færre folk som kjem ved ei utrykking og ikkje minst blir det dyrare, seier Jens Egil Vikanes.

Utset saka

Han er ein av dei deltidstilsette i brannvesenet i Karmøy kommune, og gjekk måndag kveld i demonstrasjonstog frå brannstasjonen i Kopervik til rådhuset i Karmøy.

Der møtte dei kommunestyrepolitikarane som skal staka kursen for branntilbodet til innbyggarane.

Innstillinga frå rådmann Sigurd Eikje var at Karmøy kommune stiller seg positiv til etablering av eit interkommunalt selskap.

Men politikarane ville ha meir tid på seg og bestemte seg for å utsetje saka måndag kveld. Vedtaket var samrøystes.

Vikanes i brannvesenet var svært skuffa etter møtet. I ryggen har han over 100 brannmenn.

– Eg er veldig skuffa. Det er merkelege argument som kjem fram og eg skjønar ikkje spelet her. Eg ser ingen grunn til å utsetja saka. Alt som trengst for å ta ei avgjerd er på plass, meiner han.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brannvesen demonstrerer, Karmøy rådhus.

Her er demonstrantane på plass i rådhuset i Karmøy.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Viktig med informasjon

Leif Malvin Knutsen (KrF) er varaordførar i Karmøy. Han trudde før kommunestyremøtet på ei utsetjing av saka, slik at politikarane får fleire svar. Det går på økonomi og kvalitet, ifølge varaordføraren.

Han meiner likevel ikkje brannvesenet treng uroa seg for eit breitt samarbeid.

– Eg kan ikkje sjå at det er grunn for å uroa seg. Den utgreiinga som er gjort tilseier at me får eit brann- og redningsvesen med betre kvalitet enn i dag, seier han.

Etter kommunestyremøtet sa han dette:

– Det er viktig å få fram så mykje informasjon som mogleg slik at politikarane har best mogleg grunnlag for å seia ja eller nei i denne svært viktige saka.

Avviser politisk spel

Han avviser også at dette er politisk spel mot brannvesenet.

– Me reknar med å få fram meir informasjon om økonomi, kvalitet og kompetanse. I tillegg til om brannvesenet på Karmøy kan leva sjølvstendig om 20–40 år, seier varaordføraren.

Saka skal opp igjen i kommunestyret seinast 30. juni.

– Det blir viktig å ha fokus på dette vidare. Dette er eit spel og me er nøydde til å vera med vidare. Det er uhaldbart å dra dette ut meir i tid, meiner Vikanes i brannvesenet

Skeptiske til brannvesensamarbeid.

VIDEO: Brannvesenet i Karmøy er skeptiske til eit IKS-samarbeid.