Utelukkar ikkje ytterlegare pågripingar
Dei to som er sikta for valdshendinga på Hana er kjende for politiet frå før av.
– Det er beslutta pågriping av ytterlegare ein mann som er sikta for same forhold, og politiet utelukkar ikkje fleire pågripingar i saka, seier politiadvokat Christine Kleppa til NRK.
Politiet koplar hendinga til eit kriminelt miljø og meiner det kan vera snakk om fleire involverte.