Hopp til innhold

Ute av rute i ein månad – hittil

Den tredje ferja i Boknafjordsambandet på E39, har vore vekke i nærmare ein månad dette året. Resultatet er til tider lange køar. Men slik er nå kontrakten utforma, opplyser Statens vegvesen.

MF Boknafjord

MF Boknafjord, ei av dei tre ferjene i Boknafjordsambandet

Foto: Harald Einarsen

– Det er reine himmelen når alle tre ferjene går i Boknafjordsambandet. Då forsvinn køane i ein fart.

Morten Larsen bruker ofte Boknafjordsambandet

Morten Larsen brukar ofte Boknafjordsambandet

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det seier Morten Larsen frå Stavanger. Han køyrer til hytta i Sveio, ofte fleire gonger i månaden.

– Men dei siste vekene har det vore to ferjer, eller faktisk berre ei einaste ein dag, og då byrjar fredagskøen rett etter at me kjem opp av Rennfast-tunnelen på Rennesøy, seier han.

Ute i ein månad i år

Hittil i år har den tredje ferja vore ute av rute over Boknafjorden i 29 dagar. Dette får NRK Rogaland opplyst frå ferjeselskapet Fjord1. Og det som kan overraska nokre lesarar er at det er slik det skal vera ifølge kontrakten som Statens vegvesen har med Fjord1.

– Me har ingen kritiske merknader å koma med til korleis Fjord1 driftar Boknafjordsambandet.

Det stadfestar fagkoordinator, ferje, i Statens vegvesen Region vest, Anders Sæternes.

Ifølge kontrakten

Grunnen til mangelen på kritikk, er at den tredje ferja i Boknafjordsambandet er kontraktbunden til å steppa inn når dei andre ferjene må på verkstadopphald. Og ikkje berre dei to andre ferjene i Boknafjorden, men også dei tre andre i ferjesambandet over Bjørnefjorden mellom Stord og Os.

– I 2014 er planlagde verkstadopphald, ifølge kontrakten, rekna ut til å gå føre seg i 62 dagar, opplyser Anders Sæternes frå Statens vegvesen.

– Og betyr det at Statens vegvesen er så godt nøgde med at den tredje ferja over Boknafjorden er ute i to månader kvart år, at de heller ikkje har planar om å endre dette i neste anbodsperiode, frå 2016?

– Eg kan ikkje svara på kva som skjer i neste periode, men dette er eit område det kan vera aktuelt å sjå på, seier Sæternes.

På trynet

– Det er i tilfelle ein kontrakt som er heilt på trynet!

Slik er reaksjonen frå ferjepassasjer Morten Larsen, når han høyrer kva kontrakten og anbodet seier om den tredje ferja over Boknafjorden.

– Løysinga må vera å få ei fjerde ferje inn i sambandet, som ligg stand by, og som kan nyttast dersom ein av dei tre andre ferjene ikkje kan trafikkera strekninga, seier han.

Prøver å planlegge

Dei fleste planlagde verkstadopphalda blir lagde til vinter/tidleg vår og til hausten. Då er biltrafikken mindre enn om sommaren og to ferjer kan vanlegvis ta seg av det meste at trafikkmengda.

– Men denne sommaren har me opplevd uventa motortrøbbel. Det har ført til at det i periodar berre har vore to ferjer, og faktisk også ei kort stund berre ei ferje i sambandet, stadfestar Oscar Bergheim, som er driftssjef i Fjord1.

Han opplyser at den tredje ferja blei kjøpt inn og sett i drift i Boknafjordsambandet midt i ein anbodsperiode. Løysinga, som Statens vegvesen kom fram til saman med Fjord1, var å la den bli reserveferje for dei andre.

– Det betyr at den er ute av si rute i om lag to månader i året, men truleg heller ikkje meir dette året, seier Bergheim.