Hopp til innhold

Var på jobb då restauranten blei evakuert etter spøk: – Det skapte panikk

Ein i finlandshette kasta frå seg ein sekk på ein uteservering, ropte noko og sprang. Ein av gjestane vurderte å knuse eit vindauge for å redde seg og sonen, og har meld hendinga til politiet.

Thea Wold Bøvre, assisterende restaurantsjef ved Olivia i Stavanger

Thea Wold Bøvre på Olivia i Stavanger var på jobb då hendinga skjedde fredag. Sekken blei kasta på uteserveringa til restauranten. Bøvre var inne då, men seier restaurantstemninga endra seg til kaos på kort tid.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det var ein dårleg spøk som har gått utover mange, seier Thea Wold Bøvre.

Ho er assisterande restaurantsjef ved Olivia i Stavanger. I det strålande sommarvêret som var sist fredag ettermiddag, var uteserveringa full.

Rundt klokka 16.30 kasta ein mann i finlandshette frå seg ein sekk på serveringsområdet, ropte noko og sprang.

Politi ved Olivia i Stavanger sentrum.

Politiet i Stavanger litt etter at hendinga skjedde fredag. Personen som kasta sekken, blei tatt nokre hundre meter unna elleve minutt etter at dei fekk melding.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Folk fekk panikk, seier Bøvre. Politiet kom til byen, evakuerte delar av sentrum og fekk til slutt tak i mannen som hadde kasta sekken, ropt og sprunge. Det viste seg at det «berre» skulle vere ein spøk i eit utdrikkingslag.

Mange fekk eit heilt anna inntrykk av hendinga.

Bøvre var på jobb. Då sekken blei kasta inn, var ho innandørs. Men ho hugsar godt korleis fredagssommaridyllen brått endra restauranten.

Thea Wold Bøvre, assisterende restaurantsjef ved Olivia i Stavanger

Thea Wold Bøvre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det var berre å handle på instinkt. Det skapte panikk. Det var ikkje lenge før det var tomt, seier ho.

Gjest har meld saka til politiet

Kjartan Hjorteland er ein av dei som var der. Saman med han var sonen på åtte år. Dei to sat inne, men blei raskt merksame på kva som skjedde. Stemninga utanfor flytta seg kjapt inn.

– Det var hyling og skriking. Sjølv var eg i ferd med å knuse eit vindauge for å kunne evakuere, seier han.

Kjartan Hjorteland

Kjartan Hjorteland seier han gjekk i «kjemp eller døy»-modus. Han er særs opptatt av at det var fleire barn som opplevde fredagen som skremmande.

Foto: Even Hye Tytlandsvik Barka / NRK

Det verste for Hjorteland var at det var barn til stades.

– Det blei opplevd som ein dødstrugsel, seier han.

Måndag melde han hendinga til politiet.

– Dette er eit uttrykk for å vise politiet noko av frykta og panikken som mange kjende på. Dette var særs alvorleg, seier han.

Les også Utdrikkingslag skapte massefrykt i Stavanger: – Totalt tankelaust, seier politiet

Politi ved Olivia i Stavanger sentrum.

Åtte personar i utdrikkingslaget blei tatt med av politiet fredag.

– Vi ser alvorleg på hendinga. Alle dei involverte er avhøyrde, det same er fleire vitne, seier politiadvokat Per Terje Brundtland.

Per Terje Brundtland

Per Terje Brundtland, politiadvokat.

Foto: Even Hye Tytlandsvik Barka / NRK

Politiet har framleis noko etterforsking att, men Brundtland seier dei skal vere ferdige om «kort tid».

– Dette var eit særs dårleg gjennomført utdrikkingslag. Dette blei tatt veldig alvorleg av dei som opplevde det. Mange blei skremde, seier han.

– Fælt å sjå tilsette og gjestar

Tre dagar seinare er fleire framleis prega av det som skjedde, seier Bøvre. Dei tilsette som var på jobb har fått bistand frå bedriftshelsetenesta, og restauranten oppmoda gjestar til å ta kontakt med krisetelefonen til Stavanger Legevakt.

Ho seier ho har stor respekt for dei som var på jobb. Gjestane har ho vondt av.

– Det var fælt å sjå tilsette og gjestar vere prega av dette, seier ho.

Spøken har ho ingen ting til overs for.

– Det blir opp til oss å ta vare på gjestar og tilsette etterpå, seier ho.

Olivia i Stavanger

Frå innsida av Olivia i Stavanger. Ein har utsikt til Vågen, der mange menneske er samla – særs i helger med godt vêr. Gjennom vindauget ser ein eit cruiseskip måndag. Fredag låg det to slike i Vågen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK