Hopp til innhold

Usikker framtid for Dale-eigedommen

Varaordføraren i Sandnes fryktar at fylket vil hindra framtidig bustadbygging på Dale.
Det vil gjera gigant-eigedommen langt mindre attraktiv for kjøparane.

Dale-området i Sandnes

Dersom bustadbygging på eigedomen blir stoppa, vil verdien bli langt mindre.

Varaordføraren i Sandnes meiner at fylket vil hindre framtidig bustadbygging på Dale. Rogaland fylkeskommune avviser at dei har planar om å stanse utbygginga.

Regionalplanavdelinga skeptisk

Innsida av hovudhuset på Dale i Sandnes, lokkar neppe mange kjøparar til å opne lommeboka på vidt gap. Lokala er svært slitne.

Og i tillegg til det: Nå har innspel frå plankontoret i fylkeskommunen om kor det er best å byggje bustader i framtida på Jæren, fått ein del Sandnespolitikarar til å lure på om det blir gitt løyve til utbygging på Dale i det heile tatt.

Morten Borgli, varaordførar i Sandnes

Varaordførar i Sandnes, Morten Borgli meiner fylket stikk kjeppar i hjula for utvikling av Dale-eigedomen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg har visst at regionalplanavdelinga har vore veldig skeptiske. Det er klart det er ikkje kjekt å sjå at motstanden blir så kraftig, men me må berre finna våre argument og innspel til dette, seier varaordførar Morten Borgli.

Ingen konklusjonar

Politiet sin beredskapstropp har øvd lenge i bygningane på Dale og gjort sitt beste for å øydeleggje det som er på innsida.

Men regionalplansjefen i Rogaland fylkeskommune Christine Haver, nektar for at dei prøver å hindre at det skal skje bustadbygging på Dale i framtida.

– Dette tenker eg er litt søkt. Me har ikkje omtalt Dale, me har ikkje snakka om nokon konklusjonar basert på dette, seier Haver.

Er då denne frykta frå nokre av politikarane i Sandnes heilt ugrunna?

regionalplansjefen i Rogaland fylkeskommune Kristina Haver

Ifølge regionalplansjefen i Rogaland fylkeskommune Kristina Haver er bestemt.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg veit ikkje om eg kan uttala meg meir om dette. Nå har me levert eit kunnskapsgrunnlag, og så er det opp til politikarane å avgjerda kva konklusjonar som skal trekkast av det kunnskapsgrunnlaget.

Planar om ein liten by

Aktuelle kjøparar ser nok med større glede på dei nyrestaurerte små bustadhusa lengre inne i dalen, når dei skal rekne ut kor mykje dei kan betale for eigedommen.
Men det viktigaste for prisen er om Dale ein gong i framtida kan byggjast ut til ein liten by, slik planen tidlegare har vore.

Varaordføraren i Sandnes er usikker på kva som ligg i planane til Rogaland fylkeskommune, som også er seljar av Dale-eigedommen.

– Det hadde vore kjekt å sjå at fylket faktisk snakka opp sin eigen eigedom på anna vis. Det hadde eg sett stor pris på, seier Borgli.