NRK Meny
Normal

Usemje om gigantfunn

Oljeselskapa som eig gigantfunnet, Johan Sverdrup i Nordsjøen, er ikkje samde om korleis dei skal bygga ut feltet. Derfor er framdrifta nå forseinka.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Johan Sverdrupfeltet» i nytt vindu

Artikkelen er flere år gammel.

I dag sende Statoil ut pressemelding om forseinkingar i prosessen rundt det nyoppdaga oljefeltet Johan Sverdrup. Det har lenge blitt lova at detaljar om korleis feltet skal bli bygd ut skal vera klare før jul, men i dag stadfestar Statoil at planane først vil vera klare i byrjinga av neste år.

Ifølgje DN.no er dette på grunn av usemje mellom Statoil, Det norske, Lundin og fleire av dei andre oljeselskapa som er eigarar i oljefeltet. Korleis plattforma skal bli forsynt med straum skal vera eit av stridsspørsmåla.

Ønsker å redusera CO2-utslepp

Styresmaktene meiner at det bør leggast straumkabel frå land til plattforma, men det er partnarskapet som må bli samde om kva løysing ein går for.

Ein reknar med at elektrifisering vil gi utsleppsreduksjonar på godt over 1 million tonn CO2 i året, noko som svarar til dei samla utsleppa frå ein halv million bilar.

– Det handlar om å få dei siste avklaringane på plass og gi høve til ei god handsaming i dei enkelte selskapa. Samstundes er det semje i partnarskapet om å tildela kontrakt for forprosjektering snarast mogleg slik at me held oppe framdrifta, seier Øivind Reinertsen, direktør for Johan Sverdrup-feltet.

Det er nå meir enn to år sidan det blei oppdaga ny olje på Utsirahøyden i Nordsjøen 140 kilometer vest frå Stavanger. Ein reknar med at det finst mellom 1,8 og 2,9 milliardar fat oljeekvivalentar på feltet og produksjonsstarten er estimert til slutten av 2019.

Aldous/Avaldsnes
Foto: Statoil