Hopp til innhold

Usedvanleg kraftig nordlys på Haugalandet

Dei siste nettene har det vore mykje å sjå på himmelen over Haugalandet. – Folk bør koma seg ut å oppleva det, seier frilansfotograf Kjell Bua.

Nordlys på Karmøy

Natt til onsdag tok Kjell Bua bilete av dette imponerande skode på himmelen over Torvastad på Karmøy.

Foto: Kjell Bua

– Natt til i dag var det heilt ekstremt. Det var som ein eksplosjon på himmelen, og det dansa over meg. I dei fire åra eg har drive med nordlys-fotografering på Haugalandet, har eg aldri opplevd det meir ekstremt, seier Kjell Bua til NRK.

Dei siste nettene har han vore ute og late seg imponera over skaparverket. Vêrfenomenet aurora borealis, som er mest kjent frå nordlegare strok, har nemleg forbarma seg over Haugalandet.

Natt til sundag på Ferkingstad

NATT TIL LAURDAG:

Foto: Kjell Bua

– Det er berre å koma seg ut

– Kvar haust så har me jo Nordlys her, men me opplever det aldri så sterkt som i natt, seier Bua.

Bileta han tek er stort sett frå Karmøy.

I natt var dei fire personar ute for å oppleva himmelen. Han oppfordrar også andre til å koma seg ut.

– Det er berre å koma seg ut, for eg klarer ikkje å forklara korleis det er å oppleva dette, folk må oppleva det sjølv.