Partiboka i orden
Det var enklare før i tida. Då var det parti og regjering som bak stengde dører avgjorde kven som skulle bli sjef for kringkastinga. Den som vart utnemnd hadde sjølvsagt partiboka i orden og alle dei rette kontaktane til det styrande politiske miljøet.
Åtti tusen demonstrerte i Praha sentrum
Vi tenkjer sjølvsagt ikkje på Noreg, men på Tsjekkoslovakia som landet heitte før slovakane melde seg ut og starta for seg sjølv. Der var det kommunistpartiet som styrde, og massemedia hadde til oppgåve å fortelja folk det partiet ville at folket burde lesa og høyra. Men nå er Tsjekkia blitt eit demokratisk land og journalistane i den statlege fjernsynskanalen vil driva fri og ubunden journalistikk. Sidan slutten av desember har dei streika og demonstrert mot den nyutnemnde TV-sjefen Jiri Hodac som dei meiner har altfor tette band til det politiske miljøet. Jamvel mannen i gata har vore i opprør. Åtti tusen menneske demonstrerte før helga i Praha sentrum. Regjeringa kom i full fart med framlegg til ei ny lov som skal gjera det mogeleg å unngå politiske tilsetjingar i tsjekkisk radio og fjernsyn. TV-sjefen kjende presset så sterkt at han vart sjuk og måtte innleggjast på sjukehus.
NRK meir utett enn eit grunnstøytt skip
Turbulensen i Tsjekkia syner at det ikkje er lett å skulla omstilla seg frå eit regime til eit nytt. Også her på berget var det før i tida departementet og dei politiske styresmaktene som utnemnde kringkastingssjefen. Det gjekk som regel smertefritt, jamvel om det alltid var nokon som protesterte. Nå er det styret, ikkje politikarane, som skal tilsetja ny sjef, og som vi ser i desse dagar, er det ikkje lett. Kandidatar som er blitt spurde, har sagt nei. Ein kandidat, som kanskje hadde sagt ja til styreformannen, vart avvist av resten av styret. Og mediebedrifta NRK er meir utett enn eit grunnstøytt skip på norskekysten. Informasjon som styret trudde var intern, fossar ut til avisene. Styreformannen, som er ekspert på organisering og leiing av bedrifter, i alle fall i teorien, har gitt opp.
Kvar lisensbetalar veit korleis NRK bør drivast
Så er vi like langt, og eit nytt styre må ut på ny leiting etter sjef. I Tsjekkia gjekk folkemassane ut på gatene i solidaritetsdemonstrasjon for dei tilsette i TV. Det er lite truleg at norske sjåarar og lydarar kjem til å fylla Karl Johan, men kvar einaste lisensbetalar har si faste meining om korleis NRK bør drivast, så styremedlemene må nok rekna med at folket følgjer med på kven dei til slutt greier å overtala til å setja seg i sjefsstolen.